Samoa er eit land forma av ei øygruppe i Polynesia i Stillehavet, der dei to hovudøyane er Savai'i og Upolu. Fram til første verdskrigen var Samoa ein tysk koloni og bar namnet Tysk Samoa. Frå 1914 til 1997 heitte landet Vest-Samoa.
mini|venstre|Kart over Samoa (klikk på kartet for større versjon)
Klima Samoa har tropisk regnklima og årsnedbøren i hovudstaden Apia er kring 3000 mm, mest i tida desember-april. I fjellskråningar vendt mot søraust kan årsnedbøren bli 6000-7000 mm. Middeltemperaturen er 26-27 °C med små årstidsvariasjonar. Tyfonar kan passere øyane i perioden desember-mars og føre til store øydeleggingar, som tyfonen Val i 1992.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Polynesia Kategori:Land i Oseania Kategori:Øyar i Stillehavet