Tokat er ein by og administrasjonssenter i provinsen Tokat i Tyrkia, midt i Svartehavsregionen i Anatolia. Byen har kring 130 000 innbyggjarar (2009).

Tokat vart grunnlagd ihettitisk tid. I regjeringstida til kong Mithradates VI av Pontus, var det ein av mange skansane hans i Vesleasia.

Etter slaget ved Manzikert kom byen i lag med resten av Vesleasia under seldsjukkane. Etter at sultan Suleiman ibn Qutulmish døydde i 1086 tok emir Danishmend Gazi kontroll over området. Det gjekk mange tiår for seldsjukkane igjen fekk kontroll over byen. Etter slaget ved Köse Dağ mista seldsjukkane fotfeste i regionen og lokale emirar tok over fram til Det osmanske riket tok regionen.

Klima

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Tokat» frå , den 24. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i provinsen Tokat Kategori:Byar i Tyrkia