Bartın er ein by i nordlege Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Bartın. Byen har kring 50 000 innbyggjarar, 14 km frå kysten av Svartehavet opp Bartın Çayı, som er farbar opp til byen. Bartın-elva er den einaste farbare elva i Tyrkia for havgåande skip.

I antikken heitte byen Parthenios og historia går attende til 1200 fvt., då han var busett av Gasgas-folket.

Klima Bartın har eit maritimt klima (Köppen si klimaklassifisering: Cfb) med nedbør jamt fordelt over heile året. Somrane er varme og fuktige, og normaltemperaturen er kring 21°C i juli og august. Vintrane er kjølige og fuktige, og normaltemperaturen er kring 6 °C i januar og februar.

Vasstemperaturen er som langs heile den tyrkiske svartehavskysten låg og svingar mellom 8° og 20°C gjennom året.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bartın» frå , den 26. august 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i provinsen Bartın Kategori:Tyrkiske hamnebyar ved Svartehavet Kategori:Byar i Tyrkia