Nina Vladimirovna Makarova () var ein russisk-sovjetisk komponist, mest kjend som kona til Aram Khatsjaturjan.
Familien til Nina Makarova var mariar, og som komponist utvikla ho difor ei sterk interesse for folkesongane til mariane. Ho studerte også under Nikolaj Mjaskovskij ved Konservatoriet i Moskva som Khatsjaturjan. Dei to sam-komponerte fleire musikkstykke, t.d. teatermusikk. Den 12. juni 1947 dirigerte ho då hennar eigen symfoni vart framført i Moskva.
Hovudverka hennar var ein symfoni i D-moll (1938) og operaen Zoja (1963). Elles komponerte ho filmmusikk, ein fiolinsonate, songsyklusar og ein ufullført opera som ho kalla for Courage.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nina Makarova» frå , den 27. august 2012.
Kategori:Mariar Kategori:Russiske komponistar Kategori:Sovjetiske komponistar Kategori:Aram Khatsjaturjan