Haakon Werner Tranberg () var ein norsk friidrettsutøvar som deltok i øvingane 100 meter, 200 meter og lengdehopp. Han vann to sølvmedaljar under EM i friidrett 1946. Tranberg var frå Kristiansand og var medlem av Kristiansands IF. Ein statue av Tranberg er reist ved Kristiansand stadion.

Aktiv Tranberg vart norsk meister på 100 m i 1939, 1946 og 1947, på 200 m i 1939 og 1946 og i lengdehopp i 1946 og 1947. I 1946 vann han den fyrste kongepokalen sett opp etter verdskrigen.

Han vart nummer to både på 100 m og 200 m under EM i friidrett i 1946 i Oslo. På 100-meteren vann han det femte forsøksheatet med tida 10,8, for så å vinne den tredje og siste semifinalen med tida 10,7. Same tida fekk han i finalen, ein tidels sekund saktare enn John Archer frå Storbritannia. 200-meteren vart så vunnen av Nikolaj Karakulov frå Sovjetunionen med tida 21,6, Tranberg fekk 21,7 i sluttid.

Sin personlege rekord på 100 m på 10,4 sekunder oppnådde han i september 1939 på Bislett stadion. På same bana ein månad tidlegare presterte han si beste tid på 200 m med 21,5 sekundar. Eitt år seinare, atter på Bislett, hoppa han 7,26 m i lengde, hans endelege personlege rekord.

Medaljar i norske meisterskap 1937: Sølv på 200 m og bronse på 100 m 1938: Sølv på 200 m og bronse på 100 m 1939: Gull både på 100 m (10,6) og 200 m (21,5) 1946: Gull både på 100 m (10,6), 200 m (22,5) og i lengdehopp (7,05 m) 1947: Gull både på 100 m (10,6) og i lengdehopp (7,13 m), samt sølv på 200 m

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Haakon Tranberg» frå , den 30. august 2012.

Kategori:Norske sprintarar Kategori:Norske lengdehopparar Kategori:Kongepokalvinnarar i friidrett Kategori:Folk frå Kristiansand