Eliška Misáková () var ein tsjekkoslovakisk turnar.
Sommar-OL 1948 Misáková var ein del av den tsjekkoslovakiske OL-troppen i 1948. Ho vart sjuk på turen til London, og vart send til sjukehus i Uxbridge. Der fekk ho påvist poliomyelitt, og døydde same dag som lagtevlinga fann stad.
Věra Růžičková var reserve, og måtte difor delta i staden for Misáková. Saman med Miloslava Misáková, systra til Eliška, og resten av laget vann dei lagtevlinga med 4,95 poeng føre Ungarn. Under medaljeutdelinga var det tsjekkoslovakiske flagget merkt med eit svart sørgjeband.
I eit intervju i 2008 fortalde lagveninnane at Eliška vart sjuk på flyet då dei var på veg til London, men at dei trudde det berre var influensa. Feberen auka, og då ho kom seg til sjukehuset vart det stadfesta at det var poliomyelitt. Ho vart lagd i jarnlunge, mista evna til å prate, vart lam i armane og dagen etter vart ho lam i beina. Like etter tevlinga fekk lagvennane vite at Eliška hadde døydd.
Misáková vart tildelt ein gullmedalje in memoriam av Den internasjonale olympiske komitéen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eliška Misáková» frå , den 2. september 2012.
Kategori:Folk frå Kojetice Kategori:Tsjekkoslovakiske turnarar Kategori:Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Gymnastar under sommar-OL 1948 Kategori:Dødsfall under OL