mini|Hicham El Guerrouj (t.v.) i Athen i 2004.

Hicham El Guerrouj (arabisk: هشام الݣروج) () er ein marokkansk tidlegare mellom- og langdistanseløpar. Han vart verdsmeister 1997, 1999, 2001, 2003 på 1500 meter og 5 000 meter i 2003, samt olympisk meister på både 1500 m og 5 000 m i 2004. I tillegg er han mangeårig verdsrekordhaldar på både 1500 meter, éi engelsk mil og 2 000 meter.

Aktiv El Guerrouj markerte seg i verdstoppen på 1500 meter i 1995-sesongen. I verdsmeisterskapen i Göteborg vart han andremann på distansen, halvtanna sekund bak verdsrekordhaldaren Noureddine Morceli. Få dagar etter sette Guerrouj personleg rekord med 3.31,1 i Köln. OL-sesongen 1996 forbetra han sitt personbeste til 3.29,5 i juli. Under sommar-OL i Atlanta fall han i finalen og enda sist av dei tolv deltakarane. Drygt tre veker seinare var han heilt suveren då han i Brussel vart klokka i mål på 3.29,0.Og i Milano vart han den fyrste på fire år som slo Morceli i samløp på 1500 m.

I mars 1997 var Guerrouj heilt suveren på 1500 m ved hall-VM i Paris. Ved Friidretts-VM i Aten fem månader seinare vann han gullmedaljen på 1500 meter med god margin til andremann. Ei veke etter verdsmeisterskapen forbetra Guerrouj bestetida si på 1500 m til 3.28,9 ved eit stemne i Zürich.

Den 14. juli 1998 i Roma forbetra han verdsrekorden til  Morceli med heile 1,37 sekund. Guerrouj presterte sitt livs løp då han vart klokka i mål på tida 3.26,00, ein verdsrekord som framleis står i 2026. 24. august 1999 la han i veg i høgt tempo under VM-finalen i Sevilla og fekk lenge fylgje av Noah Ngeny frå Kenya. Med årsbeste 3.27,6 vart Guerrouj verdsmeister, Ngeny sette kenyansk landsrekord med 3.28,7.

I august 2000 sprang Guerrouj spesialdistansen på 3.27,2 i Zürich. og var stor favoritt før dei olympiske leikane i Sydney i slutten av september. Han førte heile 1500 meterløpet, men vart overraskande passert av Noah Ngeny på oppløpssida og måtte ta til takke med sølvmedaljen.

Den 12. august 2001 i Edmonton vart El Guerrouj verdsmeister på 1500 meter for tredje gong. Den 24. august i Brussel kom han svært nær sin eigen verdsrekord, 3.26,12 er det neste beste løpet på distansen. Også i 2002 stod han med 3.26,8 for årsbeste 1500 meter i verda.

12. juni 2003 sprang Guerrouj for fyrste gong på over ti år ein 5 000 meter. I Ostrava fekk han noterte livsbeste 12.50,2, men vart slått av Stephen Cherono frå Kenya på 12.48,8. Under verdsmeisterskapen i Saint-Denis i slutten av august var Guerrouj ikkje truga då han på 1500 meter sikra seg det fjerde rake VM-gullet på distansen. Fire dagar etter deltok han også på 5 000 meter, der han fekk sølv, fattige fire hundredels sekund bak kenyanaren Eliud Kipchoge.

Eit par veker før sommarleikane i Aten 2004, viste Guerrouj klasse då han i Zürich fekk tida 3.27,6 på 1500 m. Under leikane i Aten vart han endelig olympisk meister på 1500 meter, framom kenyanaren Bernard Lagat. Dagar seinare tok El Guerrouj den olympiske gullmedaljen også på 5 000 meter, etter å ha vunne spurten mot verdsrekordhaldaren Kenenisa Bekele frå Etiopia. Dermed vart Guerrouj den fyrste sidan Paavo Nurmi i 1924 til å vinne begge desse distansane i same olympiske leikane.

Hicham El Guerrouj trekte seg tilbake frå toppidretten etter Aten-leikane.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje på 1500 m – 3.35,2, bakom Noureddine Morceli (3.33,7) OL 1996 i Atlanta: Nr 12 på 1500 m – 3.40,7 VM 1997 i Aten: Gullmedalje – 3.35,8, framom Fermín Cacho (3.36,6) VM 1999 i Sevilla: Gullmedalje på 1500 m – 3.27,6, framom Noah Ngeny (3.28,7) OL 2000 i Sydney: Sølvmedalje – 3.32,32, bakom Noah Ngeny (3.32,07) VM 2001 i Edmonton: Gullmedalje på 1500 m – 3.30,6, framom Bernard Lagat (3.31,1) VM 2003 i Paris: Gull på 1500 m, sølv på 5 000 m OL 2004 i Aten: Gullmedalje på 1500 m og på 5 000 m

Ymse Guerrouj fekk Bislett-medaljen i 2000.

Kjelder

World Athletics

Denne artikkelen bygger på «Hicham El Guerrouj» frå , den 5. juli 2026.

Kategori:Marokkanske mellomdistanseløparar Kategori:Marokkanske langdistanseløparar Kategori:Verdsmeistrar i friidrett Kategori:Olympiske meistrar for Marokko Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Marokko Kategori:Marokkanske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2000 Kategori:Marokkanske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2004 Kategori:Marokkanske deltakarar under sommar-OL 2004 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004 Kategori:Vinnarar av Bislett-medaljen