Alyawarr er eit australsk språk som vart snakka av 1 450 personar i 1996. Alyawarr blir snakka ved Sandover og Tennant creek i Nordterritoriet og Queensland i Australia. Alyawarr tilhøyrer dei pama-nyunganske språka. Det er nærast i slekt med vest-arrarnte (språkkode are), anmatyerre (amx) og kaytetye (gbb).

Språket har berre tre innfødde talord: Anyent [ʌˈɲəntʰ] for 1, atherr [ʌ'tθəɾᵉ] for 2 og irrpety [iɾ'pitʃ] for 3. For tal høgare enn dette brukte ein opphavleg irrpetyap [ir'pitʃʌp], som tyder 'nokre', akngerr [ʌk'ŋəɾᵊ], 'mange' eller akngerr innga [ʌk'ŋə in'ŋʌ], 'svært mange'. Ein har seinare teke i bruk engelske talord som lånord.

Kjelder

Alyawarr ved Ethnologue - Languages of the World Alyawarr ved lingweb.eva.mpg.de

Bakgrunnsstoff Ethnologue - Languages of the World Bibelhistorier og songar på alyawarr ved globalrecordings.net Swadesh-ord på alyawarr frå The Rosetta Project

Kategori:Pama-nyunganske språk Kategori:Einskildspråk Kategori:Språk i Australia