mini|Sarytsj på nordkysten av Svartehavet. Sarytsj (ukrainsk Са́рич; russisk Са́рыч; krimtatarisk Sarıç) er eit nes (russisk Мыс, mys) ved kysten av Svartehavet på Krimhalvøya i Ukraina.

Kring 5 km frå Sarytsj ligg feriebyen Foros. Byen i Sevastopol ligg kring 30 km frå neset og Jalta er kring 40 km. Lengda frå Sarytsj til neset Kerempe på kysten av Tyrkia er 227 km, det smalaste punktet i Svartehavet.

Det ligg eit fyr på neset som sidan 2005 har vore eit ømt punkt i forholdet mellom Ukraina og Russland. Sidan 3. august 2005 har fyret vore okkupert av russiske styrkar trass i store protestar frå ukrainske aktivistar.

Slaget ved Sarytsj

Den 18. november 1914 møttest russiske og tyrkiske styrkar til slag utanfor Sarytsj. Tyrkarane hadde med seg den tyske slagkryssaren SMS «Goeben» og den lette kryssaren SMS «Breslau». Begge skipa vart formelt kjøpt av Det osmanske riket og gjeve namna Yavuz og Midilli, sjølv om dei framleis hadde tysk mannskap. Russarane hadde fem slagskip. Under slaget vart det berre utveksla fem salvar. Den tyske admiralen Wilhelm Souchon avslutta kampan etter at Goeben vart treft. Det osmanske riket hadde ikkje anlegg til å reparere eit moderne skip som Goeben, så han måtte sikre at skipet var i stridsdyktig stand.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sarych» frå , den 6. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Bilete av Sarytsj

Kategori:Geografi på Krimhalvøya Kategori:Nes i Ukraina Kategori:Omstridde område i Ukraina Kategori:Omstridde område i Russland Kategori:Den russisk-ukrainske grensa