Trukhanivøya (ukrainsk Труханів острів, Trukhaniv ostriv) er ei øy i Dnepr ovanfor det historiske nabolaget Podil i Kiev. Ho har eit areal på 4,5 km2. Øya er hovudsakleg dekt av grøntareal, som den nærliggande øya Hidropark. I 1957 vart det bygd ei gangbru over til øya.

I dag er det mange kafear, restaurantar, idrettsanlegg og den største og reinaste bystranda på øya. Øya er òg ein populær stad for fiske i Dnepr.

Dei første bygningane på øyane vart reist på byrjinga av 1800-talet. I løpet av 1880-åra byrja dei første føretaka å dukke opp på øya. Under andre verdskrigen øydela tyske styrkar alle busetnadane på øya for å få betre kontroll og klårare utsikt over Kiev. Etter krigen vart ikkje øya bygd opp att som eit bustadområde, men som eit fritidsområde.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Trukhaniv Island» frå , den 6. september 2012.

Bakgrunnsstoff Kiev Info - Trukhanivøya

Kategori:Turistmål i Kiev Kategori:Historia til Kiev Kategori:Øyar i Ukraina Kategori:Elveøyar i Europa