Hoverla (ukrainsk Говерла, Hoverla) er med ei høgd på 2061 meter over havet det høgaste fjellet i Ukraina og ein del av Karpatane. Fjellet ligg aust i Beskidane i Tsjornohora. Fjellsidene er dekte av bøk- og granskog, og over skogane ligg det fjellenger kalla polonyna på ukrainsk. På austsida av fjellet ligg hovudkjelda til elva Prut.
mini|venstre|Hoverla Seint på 1800-talet vart fjellet eit kjent turistmål, særleg blant turistar frå nærliggande byar i Galicia. I 1880 var den første turistruta mellom toppen av Hoverla og Krasny Luh markert av Leopold Wajgel. Året etter vart den første hytta bygd her.
Merknadar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hoverla» frå , den 7. september 2012.
Bakgrunnsstoff
Guida tur på Hoverla Hoverla - bilete og informasjon på tsjekkisk
Kategori:Fjell i Ukraina Kategori:Høgaste punkt Kategori:Fjell i Aust-Karpatane