Donetsk oblast er eit oblast aust i Ukraina. Hovudstaden heiter Donetsk. Historisk sett har provinsen utgjort mesteparten av Donbas-området. Provinsen har eit areal på 26 500 km².

Donetsk er den mest folkerike provinsen i Ukraina, med 4,6 millionar innbyggjarar (2006). Dette skuldast nokre store industribyar og dessutan urbane område rundt desse byane. Provinsen har mykje tungindustri, blant anna kolgruver og dessutan jarn- og stålverk.

Ved den ukrainske folketellinga i 2001 var dei etniske gruppene i Donetsk oblast: ukrainarar – 2 744 100 (56,9%), russarar – 1 844 400 (38,2%), grekarar – 77 500 (1,6%), belarusarar – 44,500 (0,9%) og andre (2,3 %).

Russiske styresmakter har hatt den dominerande kontrollen over provinsen etter at dei annekterte han den 30. september 2022.

Historie Styresmaktene i Donetsk truga med at dersom Viktor Jusjtsjenko vann presidentvalet i Ukraina i 2004, ville ein halde folkeavstemming om Donetsk skal erklære seg som ein sjølvstendig provins i Ukraina. Denne folkeavstemminga vart seinare avlyst.

Folkerepublikken Donetsk Sidan 2014 var Donetsk oblast og Luhansk oblast delvis kontrollerte av pro-russiske separatistar. Delelina gjekk midt gjennom dei to regionane med byane Donetsk og Luhansk på den austelege sida av grensa, mens blant anna Kramatorsk og Mariupol fram til krigen i Ukraina var kontrollert av regjeringa i Kyiv. Folkerepublikken Donetsk og Folkerepublikken Lugansk proklamerte i 2014. Viktor Janukovitsj, som vart avsett i 2014, er fra Donetsk-området. Kramatorsk har sidan fungert som hovudstad for den delen av Donetsk oblast som er under ukrainsk kontroll.https://www.politico.eu/article/life-in-ukraines-buffer-zone/ Russiske styrkar har uoffisielt vore i området sidan 2014. Det har vore uklart om striden i Aust-Ukraina bør bli definert som ein ukrainsk borgarkrig eller som ein krig med Russland.

Russland sin president, Vladimir Putin, kunngjorde den 21. februar 2022 at Russland anerkjende dei to utbrytarområda som uavhengige, og inngjekk ein venskaps- og bistandsavtale med opprørsleiarane med rett for Russland til å etablere militærbasar og utplassere rakettar. Den 24. februar sende Russland militære styrkar inn i Ukraina – ifølgje Putin for å tryggje freden i Aust-Ukraina. Dermed eskalerte krigen i Ukraina ytterlegare.

Viktige byar i Donetsk oblast Donetsk (hovudstad) Horlivka Jenakijeve Kramatorsk Makijivka Mariupol Slovjansk

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Donetsk Oblast» frå , og «Donetsk oblast» frå den 7. september 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Skipingar i 1938