This Strange Engine er det niande studioalbumet til det britiske progressiv rock-bandet Marillion. Albumet vart utgjeve i april 1997, og vart spela inn i Marillion sitt eige studio The Racket Club i Aylesbury.

Det vart utgjeve to singlar frå albumet, «Man of a Thousand Faces» i mai 1997 og «80 Day» i september same år. Ingen av singlane nådde inn på den britiske Top 40 singellista. Albumet nådde 27. plass på albumlista i mai 1997.everyhit.com

Teksten til songen «Estonia» vart skrive etter at songar Steve Hogarth møtte den einaste briten som overlevde då ferja Estonia forliste i Austersjøen 28. september 1994. 852 menneske omkom i forliset.

Den europeiske utgåva av albumet hadde eit «skjult» spor ca 14 minutt etter siste songen. Lydkuttet består av Steve Hogarth sin hikstande latter over eit enkelt pianotema. Gruppa laga ein ekstra intro til ein utvida singel-versjon av songen «One of a Thousand Faces», og Steve Hogarth brast ut i latter då han prøvde å synge over piano-introen, etter litt for stort øl-inntak før innspelinga.Intervju med Steve Rothery

Marillion sa i utgangspunktet nei til å dra på turné i Nord-Amerika etter lanseringa av This Strange Engine, fordi det ville bli for dyrt. Ein tilhengjar foreslo då å samle inn til eit turnéfond, slik at gruppa likevel kunne få råd til å turnere i Amerika, og andre tilhengjarar tilbaud seg å administrere fondet. Marillion gjekk med på forslaget, og fansen samla til saman inn over 60 000 dollar.Informasjon om albumet Rochester på Marillions nettside Som ei takk til fansen gav Marillion ein dobbelt-CD med opptak av ein av konsertane på turnéen til alle som hadde bidrege til fondet. (sjå Rochester.)

Under innspelinga av This Strange Engine vart Marillion kontakta av duoen The Positive Light, som ynskte å remikse noko av musikken til Marillion. Resultatet vart remiks-albumet Tales from the Engine Room. Remiks-albumet vart først utgjeve på Marillion sitt eige merke Racket Records for sal berre på gruppa si eiga nettside, og seinare (med eit ekstra spor) på Eagle Records for sal i vanlege butikkar.

I 2001 gav Marillion ut ein dobbelt-CD med demo-material frå innspelinga av This Strange Engine, kalla Another DAT at the Office.

Innhald

Medverkande Marillion Steve Hogarth – Vokal, korvokal, tangentinstrument og perkusjon Steve Rothery – gitar Mark Kelly – tangentinstrument, korvokal Peter Trewavas – bass, korvokal Ian Mosley – Trommer, perkusjon

Andre medverkande Charlton & Newbottle School Choir – kor på «Man of a Thousand Faces» Tim Perkins – balalaika på «Estonia» Phil Todd – saksofon på «This Strange Engine» Paula Savage – trompet på «Hope for the Future»

¨

Lister ÅrListePlassering1997UK Albums Chart27Tyskland48Nederkabd10

Kjelder Denne artikkelen bygger på «This Strange Engine» frå , og «This Strange Engine» frå den 11. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff This Strange Engine page on Marillion's official website

Kategori:Marillion-album Kategori:Musikkalbum frå 1997 Kategori:Castle Communications-album Kategori:Sanctuary Records-album Kategori:Pony Canyon-album