Arne Zwaig () var ein norsk sjakkspelar.

Arne Zwaig vart Noregsmeister i sjakk i 1964 og 1969.Brekke s. 104, 105 Han var som 17-åring den yngste som hadde vunne noregsmeisterskapen i sjakk, fram til Simen Agdestein slo rekorden ved å bli noregsmeister som 15-åring i 1982.Brekke s. 106

Arne Zwaig vart i 1975 utnemnd til internasjonal meister i sjakk (IM) av Verdssjakkforbundet FIDEBrekke s. 95, som den fjerde frå Noreg med denne tittelen. Det første IM-nappet klarte han i sjakk-OL i Nice i 1974, der han tok 13 poeng på 19 parti på 3. bord.Brekke, s. 75 og 113 Han vann vann så Astoria Chess International på Hamar 6-10. januar 1975 med 7,5 poeng på 9 rundar, og hadde dermed oppfylt krava til tittelen.Norsk Sjakkblad nr 1, 1975 s. 42-43 Deretter vann han for ordens skuld også den internasjonale turneringa i Sandefjord i påska i 1975, med 7 poeng på 9 rundar, og klarte eit IM-napp til.Norsk Sjakkblad nr 2, 1975 s. 4-5

Arne Zwaig deltok på det norske laget i sjakk-OL (lag-VM i sjakk) 6 gongar, første gong som 15-åring i 1962, deretter i åra 1964-1966-1968 og 1972-1974. Brekke s. 112-113

Arne Zwaig vart junior-Noregsmeister i 1961, berre 14 år gamal. Han klarte delt 4-8. plass i junior-VM i 1963, og ein 4. plass i junior-VM 1965. Han var Noreg sin deltakar i soneturneringane i Halle i 1967 og i Raach i 1969, begge gongane med over 50 % skåre.Norsk Sjakkblad nr 1, 1975 s. 42

Arne Zwaig vann det opne NM i sjakk 1971,Brekke, s. 108 og det opne NM i hurtigsjakk i 1973 og 1974.Brekke s. 109

Arne Zwaig har vore medlem i Oslo Schakselskap, Torshov Sjakklubb, Sjakklubben Fischer og Asker Sjakklubb.Norsk Sjakkblad nr 1, 1975 s. 42 Han var med på Torshov Sjakklubb sitt lag som vann NM for klubblag i 1971, og på Sjakklubben Fischer sitt lag som vann NM for klubblag i 1973, 1975 og 1976.Brekke s. 110

Arne Zwaig la meir eller mindre opp som turneringsspelar rundt 1977.Brekke s. 82

Bakgrunnsstoff Arne Zwaig sine beste parti på www.chessgames.com Arne Zwaig sine parti i Noreg hos NorBase Arne Zwaig sin rating hos verdssjakkforbundet FIDE

Kjelder Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2 Olimpbase, database over sjakk-olympiadar mv Minneord ved Øystein Brekke

Fotnotar

Kategori:Norske sjakkspelarar Kategori:Internasjonale meistrar i sjakk Kategori:Noregsmeistrar i sjakk Kategori:Junior-noregsmeistrar i sjakk Kategori:Sjakkolympiadedeltakarar