Caress of Steel er det tredje studioalbumet frå det kanadiske progressive rockebandet Rush, utgjeve i september 1975.

Caress of Steel er det første Rush-albumet der dei har med ein 20-minuttar lang song, med handling, og delt opp i ulike delar. Albumet var meint å vere gjennombrotsalbumet til Rush, men diverre vart det ikkje slik. Eit skikkeleg gjennombrot fekk dei først med deira neste plate, 2112.

Det tredje albumet til Rush viser ein stil meir knytt til standard progressiv rock enn den dei hadde hatt frå før. Men likevel sit litt av den Led Zeppelin-inspirerte stilen att i songar som «I Think I'm Going Bald».

Eigenleg skulle coveret på albumet vere i sølv, for å få ein litt stålaktig farge på det. På grunn av ein utskriftsfeil av coveret vart sølvfargen erstatta med ein koparfarge. Ein liknande utskriftsfeil skjedde på det første albumet til Rush, Rush, der raudfargen som Rush-teksten på coveret skulle hatt, vart til rosa.

Innhald

Medverkande Geddy Lee - bassgitar og vokal Alex Lifeson - 6- og 12-strengs elektrisk og akustisk gitar, klassisk gitar, steelgitar Neil Peart - trommer, perkusjon, voiceover på "The Necromancer"

Salstrofé

LandOrganisasajonSalUSARIAAGull (500 000)

Lister Album - Billboard (North America) ÅrListePlassering1975Pop Albums148

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Caress of Steel» frå , den 12. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rush-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Anthem Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:album produserte av Terry Brown