Hemispheres er det sjette studioalbumet av det kanadiske progressive rockebandet Rush. Det vart utgjeve i 1978. Albumet vart spelt inn i Rockfield Studios i Wales.

Albumet fortset trenden å skrive fantasy og science fiction-inspirerte tekster skrive av Peart. I likskap med 2112 inneheld Hemispheres ein song som dekkjer ei heil plateside, med ei historie delt opp i fleire delar. Denne songen heiter «Cygnus X-1, Book II: Hemispheres». Songen trekkjer inn inspirasjon frå gresk mytologi ved å blant handle om greske gudar.

Songen «Circumstances» handlar om opphaldet Neil Peart hadde i England ein periode han budde der, før han flytta tilbake til Canada og vart med i Rush.

«The Trees» er ein av Rush sine mest populære songar. Songen er ein fabel fortalt gjennom ein fantasy-tekst. Plottet er som følgjer: i skogen er det mange tre, høge eiketre, og ikkje fullt så høge lønnetre. Problemet i skogen er at eika er så høg at løna ikkje får solskin. Det heile endar med at det blir vedteke ei lov i skogen som gjer at alle blir kutta ned til same høgde.

I ei lesarundersøking i Rolling Stone, kalla «Readers' Poll: Your Favorite Prog Rock Albums of All Time» vart albumet rangert på åttandeplass.

Innhald

Medverkande Geddy Lee - bass, solovokal, synthesizer Alex Lifeson - gitar, synthesizer Neil Peart - trommer og perkusjon

Lister Album - Billboard (USA) ÅrListePlassering1978Billboard's Pop Albums47

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hemispheres (Rush album)» frå , den 13. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Rush-album Kategori:Musikkalbum frå 1978 Kategori:Anthem Records-album Kategori:Mercury Records-album Kategori:album produserte av Terry Brown