«Aqualung» er ein song av det engelske rockebandet Jethro Tull, og tittelsporet på albumet deira Aqualung frå 1971. Songen vart skriven av frontmannen i bandet, Ian Anderson, og den dåverande kona hans Jennie Franks.
Songen varer seks og eit halvt minutt. Dei første seks notane av «Aqualung» kan godt syne at Anderson var interessert i Beethovens femte symfoni.Scott Allen Nollen, Jethro Tull: a history of the band, 1968-2001, pg. 66, McFarland & Company (2001), ISBN 0-7864-1101-5E. Haensel, Review by customer Songen inneheld ein av dei mest kjende gitarsoloane til Martin Barre og 20 år etter innspelinga fortalte Barre:
I eit intervju med Ian Anderson i september 1999 i Guitar World sa han:
Aqualung-personen vert òg nemnd i «Cross-Eyed Mary», den neste songen på albumet.
«Aqualung» vart kåra til den 90. beste hardrocksongen av VH1 i 2009.http://music.spreadit.org/vh1-top-100-hard-rock-songs/
Ein alternativ miks av «Aqualung» med ekko på vokalen til Anderson og opningsriffet spelt to gonger i staden for ein, finst på samleplate M.U. - The Best of Jethro Tull. Denne versjonen har òg ein litt anna akustisk gitar og vokalpartane i den andre delen av songen («sun streaking cold»), men går så attende til den vanlege miksen frå og med «Aqualung my friend».
Dette er ein av dei mest kjende songane til Jethro Tull, men han vart ikkje gjeve ut som singel. I eit intervju med Songfacts sa Anderson: «Det var fordi han var for lang, for episodisk. Han starta med eit høglydt gitarriff og går så inn i meir roleg akustisk stoff. Led Zeppelin gav heller ikkje ut singlar på denne tida. Det var ein albumsong. På radioen var det eit skarpt skilje mellom AM radio, som spelte tre minuttar lange pophittar, og FM radio, der dei spelte det dei kalla djupe spor. Du kunne gå inn på eit album og spele obskure, dei lengre, meir snodde songane i den perioden. Dei dagane er ikkje her lengre.»
Utgjevingar Aqualung (1971) M.U. - The Best of Jethro Tull (1976) Bursting Out (1978) Slipstream (1981) A Classic Case (1985) Original Masters (1985) 20 Years of Jethro Tull (1988) 20 Years of Jethro Tull: Highlights (1988) The Very Best of Jethro Tull (2001) Living with the Past (2002) A New Day Yesterday (2003) Ian Anderson Plays the Orchestral Jethro Tull (2005) Aqualung Live (2005)
Medverkande Ian Anderson - Vokal, akustisk gitar Martin Barre - Elektrisk gitar Clive Bunker - Trommer, perkusjon John Evan - Piano Jeffrey Hammond - Bassgitar
I popkulturen Songen vert referert til i filmen Anchorman: The Legend of Ron Burgundy frå 2004 der Burgundy (Will Ferrell) spelar ein jazzfløytesolo, der han spelar byrjinga av songen. Songen kan høyrast i ein episode av King of the Hill. Opningsteksten og riffet vert mumla av Tony Soprano når han kjem inn på kjøkenet i episode 71 av The Sopranos.Trivia for The Soprans Internet Movie Data Base Songen vart spelt i ein episode av 30 Rock. Pete Hornberger spelar akustisk gitar medan Jack Donaghy syng teksten «I don't know the words except park bench.»
Musikk Bob Rivers laga ein parodisk juleversjon av songen kalla «Aquaclaus» i 2002 på albumet White Trash Christmas.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Aqualung (song)» frå , den 17. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Teksten Songfacts
Kategori:Jethro Tull-songar Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Songar skrivne av Ian Anderson Kategori:Songar om heimlause