Divinities: Twelve Dances with God er det andre soloalbumet til Jethro Tull-frontmann, Ian Anderson, utgjeve i mai 1995.

Alle dei tolv spora på albumet er instrumentale og inspirerte av forskjellige etniske musikalske tradisjonar: Keltisk («In The Grip Of Stronger Stuff»), spansk («In The Pay Of Spain»), afrikansk («En Afrique») og så vidare.

Anderson syng ikkje på albumet, og spelar berre fløyte. Med seg har han òg fått klaverspelarAndrew Giddings, som spelte i Jethro Tull på denne tida. Resultatet er ein slags New Age-pastisj med ei blanding av moderne klassisk musikk og folkemusikk.

Anderson drog ut på ein soloturné i 1995 og spelte heile albumet frå A til Å i første halvdel av konserten. Den andre halvdelen av konserten var Jethro Tull-songar, mange spelte som instrumentalar. Bandet bestod av Jethro Tull-medlemmane Andrew Giddings og Doane Perry, det framtidige Tull-medlemmet Jonathan Noyce og Chris Leslie.

Innhald

Medverkande Ian Anderson — tverr- og bambusfløyte Andrew Giddings — tangentinstrument Doane Perry — Perkusjon Douglas Mitchell — klarinett Christopher Cowrie — obo Jonathon Carrey — fiolin Nina Gresin — cello Randy Wigs — harpe Sid Gander — valthorn Den Redding — trompet

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Divinities: Twelve Dances With God» frå , den 19. september 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Ground and Sky-melding

Kategori:Ian Anderson-album Kategori:Musikkalbum frå 1995 Kategori:EMI Records-album Kategori:album produserte av Ian Anderson