Stephen Richard «Steve» Hackett () er ein britisk songar, låtskrivar og gitarist. Han vart kjend som medlem av den britiske progrockgruppa Genesis, som han spelte i frå 1970 til han slutta i 1977 for å starta ein solokarriere. Hackett medverka på seks studioalbum med Genesis, tre konsertalbum og sju singlar.
I 1986 var Hackett med på å starte supergruppa GTR med gitaristen Steve Howe frå Yes og Asia. Gruppa gav ut eit album kalla opp etter bandet, og dette nådde 11. plass på Billboard 200 i USA og gav dei hitsingelen «When the Heart Rules the Mind». Då Hackett forlét GTR i 1987 vart bandet oppløyst.
Etter å ha slutta i GTR fortsette Hackett solokarrieren sin og har gjeve ut album og turnert fast sidan den gong. Han har vore innom mange musikkstilar som progressiv rock, verdsmusikk og klassisk. Spelestilen hans har inspirert gitaristar som Eddie Van Halen, Alex Lifeson og Brian May. Han vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som medlem av Genesis i 2010.
Diskografi
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Steve Hackett» frå , den 20. september 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Offisiell Facebook-side The Steve Hackett Appreciation Society
Kategori:Genesis-medlemmar Kategori:Engelske låtskrivarar Kategori:Engelske gitaristar Kategori:Sologitaristar Kategori:Progressive rockegitaristar Kategori:Engelske klassiske gitaristar Kategori:Rock and Roll Hall of Fame Kategori:Folk frå Pimlico