Playmen er ein gresk dansepopduo som består av Pávlos Manólis og Leftéris Xenákis. Dei vart kjend i 2009 med songen «Together Forever», som seinare vart gjeven ut på nytt under Mad Video Music Awards 2010. I den nye versjonen syng dei saman med gruppa Onirama og Élena Paparízou. Sommaren 2010 gav dei ut singelen «Feel Your Love» og i februar 2011 gav dei ut singelen «Tonight».
Dei deltok under avslutningsseremonien for Dei særskilde olympiske verdssommarleikane 2011 på Panathinaïkó Stádio i Aten 4. juli 2011.
Diskografi Singlar 2009: Togheter Forever med Reckless 2010: Together Forever med Onirama og Élena Paparízou 2010: Feel Your Love med The Fade og MIA 2010: Tonight med Claydee og Tamta 2011: Out Of My Head med Alex Leon og T-Pain 2012: Fallin med Demy 2012: All the Time med Élena Paparízou, Courtney og Riskykidd
Kjelder
Fotnotar
Kategori:Greske musikkgrupper Kategori:Musikkgrupper skipa i 2005