Dubno er ein by ved elva Ikva i Rivne oblast (provins) vest i Ukraina. Han er det administrative senteret i Dubno rajon (distrikt), medan sjølve byen har status som eit eige rajon i oblastet. Under den kalde krigen låg Dubno flybase i byen. Byen har kring 36 900 innbyggjarar (est. 2022).
Staden vart først nemnd i skriftlege kjelder i 1099. I 1492 blei slottet i Dubno bygd av prins Konstantin Ostrogski på ein odde over Ikva eit kort stykke unna ein eldre rutensk festning. Dubno fekk byrettar i 1498.
Mellom 1932 og 1939 blei slottet bygd opp att i ei tidlegare form, men arbeidet blei stoppa då andre verdskrigen braut ut. I 1937 hadde byen kring 15 500 innbyggjarar. Jødar utgjorde kring 45 % av folketalet, ukrainarar 29 % og polakkar 26 %. Nazistane okkuperte Dubno frå 25. juni 1941. Det blei utført fleire massakrar av jødar under okkupasjonen, og ved frigjeringa i 1944 var det berre 300 jødar att i ghettoen som var blitt skapt i byen.
Kjelder
Kategori:Byar i Rivne oblast Kategori:Shtetlar