Lyman (), kalla Krasnyj Lyman (, 'Raude Lyman') frå 1925 til 2016, er ein by i Donetsk oblast i Ukraina. Fram til 2016 var byen òg det administrative senteret i Lyman rajon, sjølv om han ikkje var ein del av rajonen. Byen er framleis senter i Lyman hromada. Ved folketeljinga i 2001 hadde Lymane innbyggjarar. I 2026, etter fleire år med krig hadde han eit folketal på 2034.
Historie Byen vart grunnlagd på 1600-talet av kosakkar som Liman (Lyman). Han fekk tilnamnet Krasnyj ('Raud') i 1925. Namnet vart endra tilbake til Lyman i 2016.
Under den administrative reforma som vart sett i verk i 1708 av Peter den store, vart Lyman eksplisitt nemnd som ein av byane som høyrde inn under Azov gubernija.Указ об учреждении губерний и о росписании к ним городов
Under den russiske invasjonen av Ukraina 2022 vart store delar av byen øydelagd av russiske og pro-russiske åtak med bombefly, rakettar og artilleri, før byen vart okkupert 27. mai.«Russland har tatt kontroll over strategisk viktig by: Satellittbilder viser skadene», VG, 28. mai 2022 Ved inngangen til oktober 2022 tok ukrainske styrkar byen tilbake.
Folkesetnad I følgje folketeljinga i 2001 hadde Lyman denne folkesetnaden:
Etnisk samansetting Ukrainarar: 84,4 % Russarar: 13,8 % Belarusarar: 0,6 %
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Krasnyi Lyman» frå , den 1. oktober 2012.
Kategori:Byar i Donetsk oblast Kategori:Busetnader grunnlagde i 1667