Sjå og Christian Krohg (fleirtyding)

Christian Krohg () var ein norsk målar, forfattar og journalist. Han vert halden for å vere ein av dei største norske biletkunstnarane og han var den viktigaste kunstnaren innan naturalismen i Noreg. mini|upright|venstre|«Oda Krohg», 1886 mini|upright|venstre|«Kampen for tilværelsen» mini|Albertine i politilægens venteværelse, 1885–87, . Olje på lerret i Nasjonalgalleriet Krohg var fødd i Oslo. Då han reiste til Tyskland for å studere kunst i 1874, var han allereie utdanna jurist frå Universitetet i Oslo. Krohg studerte fyrst i Karlsruhe og så i Berlin. Han blei ein av skagensmålarane, og gjennom opphalda sine på Skagen, dit han kom fyrste gong i 1879, fekk han arbeide saman med målarar som Peder Severin Krøyer, og Anna og Michael Ancher. Dei påverka alle kvarandre og fleire av dei beste måleria hans vart til i Skagen.

Krohg var sterkt inspirert av tenkjarar innan realismen og valde motiv frå kvardagslivet og bileta kunne ofte skildre urett eller sosial naud. Særleg kjend er måleriet Albertine i politilægens venteværelse, som gjengjev ein scene frå hans eigen roman, Albertine frå 1886. Boka skildrar prostitusjon og vakte stor oppsikt og vart inndregen av politiet.

Krohg var også journalist i Verdens Gang (1890—1910), og professor og direktør ved Statens kunstakademi (1909—25). I perioden 1901 til 1909 budde han med familien i Paris.

Krogh var son av Georg Anton Krohg. Han var gift med Oda Krohg og far til Nana Krohg Schweigaard og Per Krohg.

Nasjonalgalleriet i Oslo har mange viktige verk av Christian Krohg, mellom anna Albertine i politilægens venteværelse og Kampen for tilværelsen. Han er også godt representert ved andre norske museum og ved musea i Skagen, København, Stockholm, Malmö og Göteborg.

Christian Krohg ligg gravlagd på Æreslunden på Vår Frelsers Gravlund i Oslo.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske målarar Kategori:Norske forfattarar Kategori:Realistiske forfattarar Kategori:Realistiske kunstmålarar Kategori:Norske kunstprofessorar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Kunstnarar frå Oslo Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund Kategori:Kristianiabohemen