Gerygonar er ei biologisk slekt, Gerygone, av 19 fugleartar i tornsmettfamilien, Acanthizidae. Slekta har utbreiingsområde frå Søraust-Asia gjennom Ny-Guinea og Australia til New Zealand og Chatham-øyane. Vi finn dei fleste av artane i Australia og på Ny-Guinea, berre éin, orientgerygone, har klart å krysse Wallace-linja og kolonisere så langt vest som Thailand, Malaysia og Filippinene.

Gerygonar er insektetarar som hentar det meste av føda si ved å plukke ho frå bladverket på tre og buskar. Dei er små fuglar, dei fleste veg i gjennomsnitt 6-7 gram, og viser liten variasjon i storleik på tvers utbreiingsområdet sitt, unntaket er øyarten kvitpannegerygone som er nesten dobbelt så stor som dei andre i slekta.

Songane deira er skildra som «-enkle, men herlege», mange fallande i tonehøgd, og nokre artar er gode etterliknarar. 'Gerygone' tyder «født av lydar».

Artslista Gerygonar i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V11.2, 2021, med norske namn etter Norske navn på verdens fugler: Brungerygone, Gerygone mouki, Brown Gerygone, Mathews, 1912, (LC) Igatagerygone, Gerygone igata, Grey Gerygone, (Quoy & Gaimard, 1832), (LC) Norfolkgerygone, Gerygone modesta, Norfolk Gerygone, Pelzeln, 1860, (NT) Kvitpannegerygone, Gerygone albofrontata, Chatham Gerygone, Gray, GR, 1845, (LC) Gulflankegerygone, Gerygone flavolateralis, Fan-tailed Gerygone, (Gray, GR, 1859), (LC) manglar norsk namn, Gerygone citrina, Rennell Gerygone, Mayr, 1931, (LC) Berggerygone, Gerygone ruficollis, Brown-breasted Gerygone, Salvadori, 1876, (LC) Orientgerygone, Gerygone sulphurea, Golden-bellied Gerygone, Wallace, 1864, (LC) Rustflankegerygone, Gerygone dorsalis, Rufous-sided Gerygone, Sclater, PL, 1883, (LC) Mangrovegerygone, Gerygone levigaster, Mangrove Gerygone, Gould, 1843, (LC) Timorgerygone, Gerygone inornata, Plain Gerygone, Wallace, 1864, (LC) Flekkhalegerygone, Gerygone fusca, Western Gerygone, (Gould, 1838), (LC) Kvitaugegerygone, Gerygone tenebrosa, Dusky Gerygone, (Hall, R, 1901), (LC) Stornebbgerygone, Gerygone magnirostris, Large-billed Gerygone, Gould, 1843, (LC) Biakgerygone, Gerygone hypoxantha, Biak Gerygone, Salvadori, 1878, (VU) Gulbukgerygone, Gerygone chrysogaster, Yellow-bellied Gerygone, Gray, GR, 1858, (LC) Grønryggerygone, Gerygone chloronota, Green-backed Gerygone, Gould, 1843, (LC) Kvitstrupegerygone, Gerygone olivacea, White-throated Gerygone, (Gould, 1838), (LC) Skjeggerygone, Gerygone palpebrosa, Fairy Gerygone, Wallace, 1865, (LC)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gerygone» frå , den 6. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Tornsmettfamilien Kategori:Fuglar i den australske regionen Kategori:Fugleslekter