er eit action-eventyrspel utvikla og publisert av Nintendo på spelkonsollen Super Nintendo Entertainment System. Det er det tredje spelet i The Legend of Zelda-serien og vart gjeve ut 1991 i Japan og 1992 i Europa og Nord-Amerika. Utviklinga av spelet vart ført av Shigeru Miyamoto og gruppa hans av dataspelutviklarar.
Spelet handlar om Link som fer på ei ferd for å berga kongeriket Hyrule, nedkjempa Ganon og frigjera etterkomarane av sju vise menn. A Link to the Past bruker eit 3/4 perspektiv sett ovanfrå som liknar det i The Legend of Zelda, og utelèt dei siderullande sekvensane frå Zelda II: The Adventure of Link. A Link to the Past introduserte fleire nye element til The Legend of Zelda-serien som framleis er vanlege i dei nyare spela, som katakombar med fleire etasjar, nye våpen og reiskapar i tillegg til Master Sword, og konseptet med ei alternativ eller parallell verd.
A Link to the Past vart godt motteke og opplevde komersiell suksess. Såleis vart spelet ein milepåle for Nintendo og er gjengs rekna som eit av beste dataspela som er laga. A Link to the Past har selt over 4 millionar eksemplar og har vorte portert til både Game Boy Advance og Virtual Console-tenesta på Wii.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Action-eventyrspel Kategori:Dataspel frå 1991 Kategori:Nintendo Entertainment Analysis and Development-spel Kategori:Super Nintendo Entertainment System-spel A Link to the Past Kategori:Virtual Console-spel