mini|Forskingsstasjonar og kravområde i Antarktis (2002). mini|Kravområde i Antarktis
Sju statar har eit kravområde på åtte territorium i Antarktis. Desse landa har som regel plassert dei vitskaplege basane og stasjonane sine i territorialkrava sine i Antarktis.
Det vert stundom sagt at Antarktistraktaten rettar seg etter eller innstiller desse krava. Paragraf IV § 2 seier derimot: «Ingen handlingar eller aktivitetar som finn stad medan denne traktaten er i kraft skal danne grunnlag for forsvare, støtte eller nekte eit kraft til territorial suverenitet i Antarktis. Ingen nye krav, eller utvidingar av eit eksisterande krav, til territorial suverenitet kan gjere seg gjeldande medan denne traktaten er i kraft», så dette punktet verken støttar eller går imot dei eksisterande krava.
Antarktiske territorialkrav Sju suverene statar har gjort åtte territorialkrav på landområde i Antarktisk sør for 60° S før 1961. Desse krava vert berre anerkjent av landa som har gjort krav i området. Alle kravområda er sektorar, utanom Peter I Øy. Ingen av kravområda har innfødde folkesetnader. Sør-Orknøyane fell innanfor territorialkravet til Argentina og Storbritannia; og Sør-Shetlandsøyane fell innanfor kravområda til både Argentina, Chile og Storbritannia. Storbritannia, Frankrike, Australia, New Zealand og Noreg har alle anerkjent kvarandre sine krav, som ikkje overlappar kvarandre. Før 1962, var Britisk Antarktis eit område under Falklandsøyane og omfattar òg Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane. Dei antarktiske områda vart eit eige oversjøisk territorium etter ratifiseringa av Antarktistraktaten. Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane vart verande under Falklandsøyane fram til 1985 då dei òg vart skildre ut som eit eige oversjøisk territorium.
Offisielle krav Territorium Fordringshavar Dato Kravgrenser Britisk Antarktis 1908 40px (Oversjøiske territorium i Storbritannia) Ross Dependency 1923 40px (Newzealandsk eige) Adélie Land 1924 40px (Distrikt i Dei franske sørterritoria) Peter I Øy 1929 40px (Norsk Antarktis) Australsk Antarktis 1933 40px (Ytre territorium i Australia) Dronning Maud Land 1939 40px (Norsk Antarktis) Chilensk Antarktis 1940 40px (Kommune i Chilensk Antarktis) Argentinsk Antarktis 1942 40px (Department i provinsen Tierra del Fuego, Antarktis og Dei søratlantiske øyane)
Overlappande krav Territorium Land Dato Kravgrenser Britisk Antarktis 1908 40px Chilensk Antarktis 1940 40px Argentinsk Antarktis 1942 40px
Uoppkravd Territorium Uoppkravde grenser Marie Byrd Land 40px
Tidlegare krav Territorium Land Dato Kravgrenser Neuschwabenland 1939 40px (Tidlegare protektorat under Tyskland) 1945
Mogelege framtidige krav Det har vore spekulasjonar om mogelege framtidige krav. USA og Russland (som etterfølgjar etter Sovjetunionen) har hevda å ha reservert retten til kravområde og det har vore spekulasjonar om Brasil kjem til å gjere krav avgrensa av 53° V og 28° V,The international politics of Antarctica. Side 119 og 124. som dermed overlappar kravområda til Argentina og Storbritannia, men ikkje områda til Chile.
Subantarktiske øyterritorium
Fire øyterritorium nord for 60° sør vert stundom rekna med til verdsdelen Antarktis. Ingen av desse territoria har innfødde folkesetnader.
Bouvetøya (Norsk kronkoloni) Distrikt i Dei franske sørterritoria utanom Adelie Land.Omfattar Îles éparses, som vert rekna til Afrika Heard- og McDonaldøyane (Australsk oversjøisk territorium) (Britiske oversjøiske territorium)
Antarktistraktaten
mini|Territorialkrav i Antarktis i følgje Antarktistraktaten:
Antarktistraktaten og tilknytte avtalar regulerer internasjonale forhold med omsyn til Antarktis, det einaste kontinentet på jorda utan innfødde folkeslag. Avtalen er no signert av 46 land, inkludert Storbritannia, USA, og det tidlegare Sovjetunionen. Avtalen tilsideset Antarktis som eit vitskapleg reservat, med fridom til å gjere vitskaplege utforskingar og er bannlyst frå militær aktivitet. Dette var den første nedrustningskontrollavtalen oppretta under den kalde krigen. Sovjetunionen og USA var begge reserverte mot restriksjonane om nye krav, og USA og Russland forsvarar retten sin til å gjere framtidige krav om dei ønskjer dette. Brasil held fast på Comandante Ferraz-basen (den brasilske basen i Antarktis) og har lagt fram eit forslag om å avgrense territoria ved hjelp av lengdegradene, noko som gjer at Brasil og andre land kan kome med ytterlegare krav. Generelt har territorialkrava sør for 60° S berre vorte anerkjent av dei landa som har gjort krav i området. Sjølv om krava ofte er innteikna på kart over Antarktis, indikerer ikkje dette ein de jure-anerkjenning.
Alle krav utanom Peter I Øy er sektorar og grensene er definerte av lengdegrader. Den nordlege grensa i alle sektorane er 60° S, som ikkje går gjennom nokre landområde, kontinent eller øyar. Dette er òg den nordlege grensa til Antarktistraktaten. Den sørlege grensa til sektorane fell saman i eitt punkt, Sørpolen. Berre den norske sektoren er eit unntak. Det opphavlege kravet frå 1930 spesifiserte ikkje ei nordlege eller ei sørleg grense, så dette territoriet er berre avgrensa i aust og vest.Den norske regjeringa uttalte i 2003 at den nordelge utstrekkinga til det norske territoriet strekkjer seg 12 nautiske mil ut frå kysten, som er standard for maritime krav.
Antarktistraktaten slår fast at kontrahering til traktaten: er ikkje eit avkall på tidlegare territorialkrav. påverkar ikkje grunnlaget for krava som følgje av aktivitetar til dei underskrivande nasjonane i Antarktis. ikkje påverkar rettane til ein stat under internasjonal sedvanerett å anerkjenne (eller nekte å anerkjenne) eit anna territorialkrav.
Det traktaten påverkar er nye krav: Ingen aktivitetar etter 1961 kan danne grunnlag for eit territorialkrav. Ein kan ikkje kome med nye krav. Ingen kravområde kan utvidast.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Territorial claims in Antarctica» frå , den 12. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Sjå òg Antarktistraktaten Antarktis Historia til Antarktis Territorialkrav i Arktis