Ann Sire Fjerdingstad () er ein norsk politikar for Høgre. Ho var ordførar i Øvre Eiker kommune frå 2009 til 2019.
Politisk karriere Fjerdingstad sa seg villig til å stille som listefyll for kommunevalet i 2007. Ho fekk ei stor mengd personstemmer som resulterte i ein plass i kommunestyret. Då ordføraren Anders B. Werp vart vald inn på Stortinget hausten 2009 vart ho spurt om å overta som ordførar. Høgre var så nøgde med henne som ordførar at dei ynskte henne som ordførarkandidat for kommunevalet i 2011.
Pioner i fotball Ann Sire Jensen deltok på Drafns damelag i fotball i perioden 1977–80 og var ein av pionerane i norsk damefotball. Ho har seinare vore aktiv og lagleiar i andre idrettar.
Kjelder
Kategori:Ordførarar i Øvre Eiker Kategori:Høgreordførarar i Buskerud Kategori:Norske fotballspelarar