Fallières Coast er den delen av vestkysten av Den antarktiske halvøya mellom utgangen av Bourgeois Fjord og Cape Jeremy og ligg ved Marguerite Bay og Wordie isbrem. I sør grensar han til Rymill Coast og i nord til Loubet Coast. Fallières Coast vart først utforska i januar 1909 av Den franske antarktisekspedisjonen under J.B. Charcot, som namngav kysten og kalla han opp etter Armand Fallières, då president i Frankrike.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fallières Coast» frå , den 14. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Kystar i Graham Land Kategori:Stader i Antarktis kalla opp etter franskmenn