Hjalmar Riiser-Larsen () var ein norsk offiser (kontreadmiral) og flypionér.
Karriere mini|venstre|Offiseren, luftfartspioneren og polarforskaren Hjalmar Riiser-Larsen (1890-1965) i 1925 mini|Riiser-Larsen og Birger F. Motzfeldt mini|Hjalmar Riiser-Larsen
Han vart uteksaminert frå øvste klassa på Sjøkrigsskolen i Horten i 1915. Riiser-Larsen var sterkt flyinteressert og vart elev i det første kullet ved nyoppretta Marinens Flyveskole i 1915.
Under ei flyoppvisning i Danmark i 1919, vart han av danske aviser kalla «Ursus Major – Store Bjørn». I 1920 leia han Marinen si postflyrute Kristiania–Arendal–Kristiansand og var driftssjef i Det Norske Luftfartsrederi. I 1921 vart han utdanna luftskipførar, og i 1922 flaug han frå Horten til Kirkenes, 2600 km på 21½ timar. Den første flygande legetransporten i Noreg skjedde på veg tilbake.Frå Horten til Kirkenes i 2 Hansa-Brandenburg W.33, juli 1922 www.luftfartshistorie.no
Han var nestkommanderande på Roald Amundsen og Lincoln Ellsworth sin ekspedisjon i 1925 med flybåtane N-24 og N-25. Han var navigatør med ekspedisjonen til Amundsen, Umberto Nobile og Ellsworth med luftskipet «Norge» over Nordpolen, og han deltok i søket etter luftskipet til Nobile «Italia» og den forsvunne Amundsen.
Etter å ha delteke i Norvegia-ekspedisjonane til Antarktis 1929–1931, søkte han i 1932 om å kome inn i Marinen igjen, men fekk til svar: «Stillingane i Marinane er føreheldt dei som trufast har utført den daglege tenesta si i våpenet.» Med økonomisk støtte frå Fred Olsen, drog han i gang Det Norske Luftfartsselskap (DNL) og var sjef der 1933–1940.
I byrjinga av andre verdskrigen, kom han seg over til Sverige, og reiste – sjølvsagt med fly – via Paris og London vidare til Washington D.C.. Her vart han utnemnd til marineattaché, før han vart kommandørkaptein og utnemnd til sjef for Marinens flygevåpen. Han drog straks til Toronto i Canada, for oppbygginga av treningsleiren for norske flymannskap, Little Norway. Der avløyste han major Bjarne Øen, sjef for Hærens flyvåpen.
Hjalmar Riiser-Larsen vart utnemnd til kontreadmiral i Flyvåpnenes Felleskommando (FFK), med Bjarne Øen, som stabsjef. Regjeringa ville samle flyavdelingane permanent, og 10. november 1944 vart Luftforsvaret oppretta som eiga våpengrein. Riiser-Larsen vart utnemnd til generalmajor, og vart den første øvste sjefen i Luftforsvaret, fram til 1946 då han slutta for å fortsetje ein sivil karriere.
Han var direktør i den norske regionen i Scandinavian Airlines System (SAS) 1950–55.
Han døydde i 1965, og etter eige ynskje fann bisetjinga stad i det stille. For som han sa: «Eg har søkt blest, men det var berre for å få merksemd for den saka som engasjerte meg».
Prisar og utmerkingar Riiser-Larsen vart tildelt ei rekkje ordenar for virket sitt.«Hjalmar Riiser-Larsen» , Norsk polarhistorie. Han vart i 1925 utnemnd til kommandør med stjerne av St. Olavs Orden. Han har Kongen sin fortenestmedalje i gull, Deltagermedaljen og Haakon VIIs 70-årsmedalje. Riiser-Larsen var òg storoffisar av Den italienske kroneordenen, kommandør med stjerne av tsjekkiske Den kvite løve-ordenen, riddarkommandør av Den britiske imperieordenen, kommandør av den svensken Vasaordenen, kommandør av Legion of Merit (USA) og riddar av den franske Æreslegionen. Han mottok det tsjekkoslovakiske militære flgvemerke i gull, den tsjekkiske krigsmedaljen, USA sin Bronze Star Medal og den italienske tapperhetsmedaljen for flygarar. Riiser-Larsen heidra med den norske Gunnerusmedaljen og vart i 1930 tildelt med Livingston-medaljen. Han mottok Kgl. Svenska Aeroklubb sin gullplakett og Det kgl. danske Aeronautiske Selskabs sølvplakett, og dessutan var æresmedlem i Norsk Geografisk Selskab og Norsk Aero Klubb.
Til minne om Hjalmar Riiser-Larsen thumb|P3-N Orion som har fått namnet Hjalmar Riiser-Larsen Gater kalla opp etter Riiser-Larsen finst i Porsgrunn, Trondheim, Kirkenes, Stavanger og på Stabekk i Bærum. Riiser-Larsenisen, Riiser-Larsenhalvøya, Mount Riiser-Larsen og Riiser-Larsen Basin i Antarktis er kalla opp etter han. Per Ung sin statue av Hjalmar Riiser-Larsen vart avduka 11. november 1994 på 50-årsdagen for opprettinga av Luftforsvaret. Statuen stod først på Oslo lufthamn, Fornebu i Riiser-Larsens heimkommune Bærum og vart seinare flytta til Oslo lufthamn, Gardermoen.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Hjalmar Riiser-Larsen» frå , den 15. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Litteratur Riiser-Larsen, Hjalmar: Mot ukjent land (1930) Riiser-Larsen, Hjalmar: Femti år for Kongen (1957)
Bakgrunnsstoff Fra Horten til Kirkenes i 2 Hansa-Brandenburg W.33, juli 1922 www.luftfartshistorie.no
Kategori:Luftfartspionerar Kategori:Norske admiralar Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen Kategori:Norske flygarar Kategori:Norske forretningsfolk Kategori:Norske antarktisfararar Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Kongens fortenestmedalje i gull Kategori:Deltakarmedaljen Kategori:Haakon VIIs 70-årsmedalje Kategori:Order of the British Empire Kategori:Vasaordenen Kategori:Æreslegionen Kategori:Bronze Star Kategori:Folk tilknytte SAS Group Kategori:Norske polfararar Kategori:Norske arktisfararar Kategori:Gravlagde på Vår Frelsers gravlund