Gallis (utt. gælis med trykk på fyrste staving og tjukk l) er namnet på ein gard (med fleire bruk) i Kodal sokn i tidlegare Andebu kommune i Vestfold.
Gardsnamnet blei for fyrste gong registrert i Raudeboka med stavinga Galiza. Opphavet er mest sannsynleg etter ein oppsittar som har vore på pilegrimsferd til Santiago de Compostela der apostelen Jakob er gravlagt. Dette området i Spania heiter Galicia. Da han kom heim gav han dette namnet til garden sin. Det einaste tilsvarande gardsnamnet i Noreg er Jaksland (Jakobs land) i Røyken i Buskerud.
Pr. september 2005 var det 69 personar i Noreg med etternamnet Gallis.
Kjelder www.pilegrim.no Andebu bygdebok, red. av dr. philos. Arne Gallis Andebu: en vestfoldbygds historie i 1600-aarene, «Lat os inkje forfederne gløyma», av Lorens Berg ISBN 82-993731-0-7 www.ssb.no (namnesøk)
Kategori:Andebu Kategori:Geografi i Sandefjord Kategori:Slektsnamn Kategori:Norske slektsnamn Kategori:Norske gardsnamn Kategori:Gardar i Vestfold