mini|Satellite image of the Walgreen Coast.

Walgreen Coast () er ein del av kysten av Antarktis som ligg mellom Cape Herlacher og Cape Waite, eller mellom Bakutis Coast i vest og Eights Coast. Han er den austlegaste delen av Marie Byrd Land og strekkjer seg frå 114°12'W til 103°24'W. Eights Coast i aust er alt ein del av Ellsworth Land. Han vart oppdaga av kontreadmiral Byrd og medlemmar av U.S. Antarctic Service (USAS) under flyturar frå USS «Bear» i februar 1940.

Walgreen Coast vart namngjeven av Byrd etter Charles R. Walgreen, presidenten av Walgreens på den tida, som støtta Byrd-ekspedisjonen 1933-35 økonomisk. Kysten vart kartlagd i detalj av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto av U.S. Navy 1959-66.

Kjelder

Kategori:Kystar i Antarktis Kategori:Geografi i Marie Byrd Land