Berkner Island, Berkner ishaug eller Hubley Island er i røynda ein ishaug, der berggrunnen faktisk er under havnivå. Om all isen her smelta, så ville øya ha vore under vatnhttp://earthshots.usgs.gov/Filchner/Filchnertext Berkner «Island» er òg fullstendig dekt av is og er kring 320 km lang og 150 km brei med eit areal på 44 000 km². Berkner er omringa av Filchner-Ronne isbrem. Det nordlegaste punktet på Berkner ligg kring 20 km frå det opne havet. Ho ligg i ein del av Antartkisk som høyrer til kravområda Argentinsk Antarktis og Britisk Antarktis.
Øya er 869 meter på det høgaste (975 moh i følgje somme kjelder) og skil Ronne isbrem frå Filchner isbrem. Ho er kjenneteikna av to domar, Reinwarthhöhe i nord (698 moh) ved , og Thyssenhöhe i sør (869 moh), ved . Ho har tre bukter på austsida som frå nord til sør er McCarthy Inlet, Roberts Inlet og Spilhouse Inlet. Gould Bay ligg på nordkysten. Berkner Island ligg kring 150 km vest for Luitpold Coast i Coats Land, den næraste delen av fastlandet i Aust-Antarktis. 17 km utanfor nordvesthjørnet av Berkner Island ligg Hemmen ishaug.
Berkner Island vart oppdaga av medlemmar av USA-Det internasjonale geofysiske året (US-IGY) ved Ellsworth Station leia av kaptein Finn Rønne, US Navy Reserve (USNR), i 1957-1958. Berkner Island vart namngjeven av USA Advisory Committee on Antarctic Names (US-ACAN) etter den amerikanske fysikaren Lloyd Berkner som var ingeniør under Byrd-ekspedisjonen (1928–1930).http://data.aad.gov.au/aadc/gaz/scar/display_name.cfm?gaz_id=107766
Sidan 1990 har Berkner Island vore utgangspunkt for lang polekspedisjonar. Ben Saunders har planlagt ei reise frå øya til Sørpolen og attende utan støtte.
I 1994/1995 samarbeidde British Antarctic Survey, Alfred Wegener Institute og Forschungsstelle für Physikalische Glaziologie frå University of Münster med å bore iskjernar på nord- og sørdomen på Berkner Island.
Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR kravområde i Antarktis
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Berkner Island» frå , den 17. oktober 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
* Kategori:Filchner-Ronne isbrem Kategori:Britisk Antarktis Kategori:Argentinsk Antarktis