Den biologiske slekta Nestor er ei av to slekter i familien Strigopidae, nyzealandske papegøyar. Slekta Nestor samlar to nolevande papegøyeartar på New Zealand, ein utdøydd art på Norfolkøya og ein mogleg tidlegare art på Chatham-øyane.Storrs L. Olson (editor) Avian Paleontology at the Close of the 20th Century: Proceedings of the 4th International Meeting of the Society of Avian Paleontology and Evolution Washington, D.C, 4-7 June 1996 Alle artane er store tettvaksne fuglar med korte, rett avkorta halar. Eit karakteristisk trekk for slekta er tunga deira, med hårliknande frynsar på tuppen. Den overflatiske likskapen denne tunga har med tunga til loriar har fått nokre taksonomar å vurdere dei to gruppene nært nærskylde, men DNA-prov viser at det ikkje er tilfellet.

Klassifikasjon Alle dei fire artane i slekta Nestor er trudd å stamme ned frå ein 'proto-Kākā' som levde i skogane på New Zealand for 5 millionar år sidan. Den næraste slektningen er Kakapo (Strigops habroptila).de Kloet, R.S.; de Kloet, S.R. (2005). Utviklinga av spindlin-genet hos fuglar: sekvensanalyse av ein intron av spindlin W og Z-genet avslører fire store inndelingar av papegøyefuglar. Molecular Phylogenetics and Evolution 36: 706–721. Saman utgjer dei Strigopidae, nyzealandske papegøyar, som utgjer ei gamal gruppe som splitta ut frå alle andre papegøyar før den adaptive strålinga tok til.

Artsoversyn Det er to overlevande artar og minst ein veldokumentert utdøydd art i slekta Nestor. Det finst lite kunnskap om den fjerde arten, kaka på Chatham-øyane, som kan ha vore konspesifikk med ein annan kakaart.

Nestor Kea, Nestor notabilis Kaka, Nestor meridionalis North Island kaka, Nestor meridionalis septentrionalis South Island kaka, Nestor meridionalis meridionalis Norfolk kaka, Nestor productus (utdøydd) (Chatham kaka, Nestor .... mogleg tidlegare art, utdøydd)

Status mini|350px|Utbreiing av nolevande artar, så vel som tidlegare utbreiing av utdøydde øyartar Det siste kjente individ av Norfolk Kaka døyde i fangenskap i London ein gong etter 1851, og berre mellom sju og 20 skinn er tatt vare på. Chatham kaka døydde ut i føreuropeiske tidsperiode, men etter polynesisk kolonisering av øya, mellom 1550 og 1700, og er berre kjent frå subfossile beinfunn. Fuglen kaka er lista med status sterkt truga - EN, Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status. og kea er lista med status sårbar - VU. Innslag hos BLI som inneheld utbreiingskart og grunngjeving for status.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Nestor (genus)» frå , den 17. oktober 2012.

Referansar

Bakgrunnsstoff

Kategori:Papegøyefuglar Kategori:Fugleslekter