Jean-Baptiste Étienne Auguste Charcot () var ein fransk lege og polfarar.

mini|upright|venstre|Jean-Baptiste Charcot mini|venstre|«Pourquoi Pas ? IV» som Charcot brukte på den andre Antarktisekspedisjonen sin 1908–1910

Charcot var sjef for nerveklinikken ved La Salpêtrière-hospitalet ved det medisinske fakultetet i Paris og var tilsett ved Pasteurinstituttet.

Han leia den franske antarktisekspedisjonen som i perioden 1903–1905 utforska vestkysten av Graham Land med skonnerten «Français». Ekspedisjonen nådde Adelaide Island i 1905 og fotograferte Antarktiske Arkipel og Loubet Coast.

På ein ny ekspedisjon frå 1908 til 1910 med barken «Pourquoi-Pas?» utforska han Bellingshausenhavet og Amundsenhavet og oppdaga Loubet Land, Marguerite Bay og øya Charcotøya, som han kalla opp til ære for far sin.

Frå 1925 til 1936 forska han i austre Grønland og Svalbard.

Han var son av nevrologen Jean-Martin Charcot.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «nb:» frå , den 18. oktober 2012. oppgav desse kjeldene: Jean-Baptiste Charcot: Le «Pourquoi pas?» dans l'Antarctique 1908-1910, Arthaud, Paris, 1996, ISBN 2-7003-1088-8 Robert K. Headland: Chronological List of Antarctic Expeditions and Related Historical Events, 1989, ISBN 0521309034

Bakgrunnsstoff

Jean-Baptiste Charcot. south-pole.com

Kategori:Franske oppdagarar Kategori:Franske antarktisfararar Kategori:Arktisfararar Kategori:Folk frå Neuilly-sur-Seine Kategori:Graham Land