Hennessy Islands er ei gruppe småøyar som ligg 4 nautiske mil søraust for Jurva Point, søraustenden av Île Renaud i Biscoe Islands i Antarktis. Dei strekkjer seg over 2 nautiske mil. Hovudøya i gruppa vart først nøyaktig vist på eit argentinsk kart frå 1957. Gruppa vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1959 etter Jack Hennessy (1885–1954), fullmektig skipsinspektør for Meteorological Office, 1940–54, som samla inn og publiserte data om havisobservasjonar i antartkisk farvatn 1902–53.

Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar

Kjelder

Kategori:Øyar i Biscoe Islands