mini|200px|Den gamle logoen til Statoil på bensinstasjon i Estland Statoil Fuel & Retail ASA er eit selskap med hovudkontor i OsloNettside hos Statoil Fuel & Retail , Henta 19. oktober 2012 som distribuerer og sel petroleumsprodukt i Skandinavia og Aust-Europa. Det er ått av Alimentation Couche-Tard, operert frå Canada. Selskapet blei oppretta i 2010 ved at all nedstraumsverksemd i Statoil ASA blei splitta ut som eit børsnotert selskap med rett til å nytte varemerket Statoil.
I 2010 disponerte selskapet 2 300 utsalsstader for drivstoff i Skandinavia, Polen, Baltikum og i Russland så vel som at dei opererte monalege leveransar av smøreprodukt og drivstoff til skipsfart og til luftfart. Selskapet blei notert på Oslo Børs den 22. oktober 2010. I Noreg blir drifta ivaretatt gjennom dotterselskapet Statoil Fuel & Retail Norge.Om Statoil Fuel & Retail Norge AS på statoil.no , henta 19. oktober 2012
Historie Selskapet har røter frå distribusjonsselskap i Danmark, Noreg og Sverige som Statoil kjøpte opp mellom 1979 og 1987 til nedstraumsverksemda si.
I 1985 blei bensinstasjonkjeda Esso i Sverige kjøpt opp. Kjeda hadde opphav tilbake til 1896 i Sverige. Likeins blei distribusjonsselskapet til Esso i Danmark kjøpt opp i 1986.Nettside hos Statoil Fuel & Retail om selskapet si historie , Henta 19. oktober 2012 I Noreg kjøpte Statoil delar av selskapet Norsk Olje a.s i 1979, og åtte heile selskapet frå 1987. Statoil marknadsførte og selde drivstoff frå ca. 900 bensinstasjonar i Noreg under namnet Norol i perioden 1979 til 1991. Verksemda i Noreg var organisert som eit dotterselskap, frå 1991 under namnet Statoil Norge.
Ut over 1990-talet etablerte Statoil distribusjons- og salsverksemd for petroleumsprodukt i Aust-Europa. Det skjedde i alle Dei baltiske statane, i Polen frå 1992 og i Murmansk frå 1993.
Tidlegare hadde Statoil dotterselskap for bensinstasjonskjeder i Irland og Tyskland, men desse blei selt før 2010.
Frå 19. juni 2012 eig Alimentation Couche-Tard meir enn 80 % av Statoil Fuel & Retail etter gjennomføring av eit oppkjøp som verdsette selskapet til 15,9 milliardar kroner.
Kjelder
Kategori:Oljeselskap Kategori:Skipingar i 2010