Runaway Island er ei klipperik øy 0,7 nautiske mil (1,3 km) vest for vesttuppen av Neny Island og 0,2 nautiske mil (0,4 km) nordvest for Surf Rock, som ligg i Marguerite Bay utanfor vestkysten av Graham Land. Øya vart grovt kartlagd i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE), og vart kartlagd i 1947 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS). Ho fekk namnet sitt av FIDS fordi ein hund stakk av ( på engelsk) frå denne øya og for heim til basen.

Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar

Kjelder

Kategori:Øyar i Graham Land Kategori:Fallières Coast