Franz Heinzer () er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Schwyz som deltok i verdscupen i alpint i tida 1981-94. Han vart verdsmeister i utfor i 1991, same sesongen vann han utforcupen og super-G-cupen av verdscupen i alpint. Utforcupen vann han også i 1992 og 1993. Totalt gjekk han til topps i 17 verdscuprenn, 15 i utfor og to i den alpine kombinasjonen. Han vann fire sveitsiske meisterskap i utfor, og eitt i super-G.

Aktiv Heinzer debuterte i verdscupen i alpint i januar 1981, og vart nummer åtte i utforrennet i Kitzbühel i Austerrike. Knappe to månader seinare kleiv han opp på pallen, då han vart nummer tre i utfor i Aspen i USA. Under VM 1982 i Schladming deltok han i utfor og kom på fjerdeplass.

Straks før jul i 1982 tok Heinzer sin fyrste verdscupsiger, i Val-d'Isère vann han den alpine kombinasjonen framom landsmennene Peter Müller og Peter Lüscher. Nokså nøyaktig eitt år seinare var Heinzer tilbake i Val d'Isere, og på ei helg vann han både utforrennet og den alpine kombinasjonen. I utfor var han ein hundredel framom Todd Brooker frå USA og fem hundredelar framom Harti Weirather frå Austerrike, medan han sigra klart over landsmannen Pirmin Zurbriggen i kombinasjonen.

Heinzer fekk nye fjerdeplassar i VM-utfor både i 1985 og 1987. Både i 1987-sesongen og OL-sesongen 1988 kom han på tredjeplass i utforcupen av verdscupen i alpint. Under OL 1988 mislukkast han og noterte ein 15. plass som best. Sesongane 1989 og 1990 heldt han eit lågare nivå.

Frå 1991 var Heinzer sterkt tilbake, og var verdas beste utforrennar i tre år på rad, i 1991 vann han jamvel super-G-cupen av den alpine verdscupen. Hans største meisterskapstriumf kom under VM 1991 i Saalbach-Hinterglemm, då han vann utforrennet.

Under vinter-OL 1994 på Lillehammer deltok Heinzer i utfor. Han hekta skia i startporten og var ute av rennet. Ein månad seinare la han opp.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap 1982: Nr 4 i utfor under VM i alpint i Schladming 1985: Nr 4 i utfor under VM i alpint i Bormio 1987: Nr 4 i utfor under VM i alpint i Crans-Montana 1988: Nr 15 i super-G under vinter-OL i Calgary 1989: Nr 11 i super-G under VM i alpint i Vail 1991: Gullmedalje i utfor under VM i alpint i Saalbach-Hinterglemm 1992: Nr 6 i utfor under vinter-OL i Albertville 1993: Nr 10 i utfor under VM i alpint i Morioka

Verdscupsigrar Dato Stad Land Øving 19. desember 1982 Gherdëina Italia Kombinasjon 9. desember 1983 Val-d'Isère Frankrike Utfor 10. desember 1983 Val-d'Isère Frankrike Kombinasjon 22. februar 1986 Åre Sverige Utfor 4. januar 1987 Laax Sveits Utfor 11. mars 1988 Beaver Creek USA Utfor 14. desember 1990 Gherdëina Italia Utfor 12. januar 1991 Kitzbühel Austerrike Utfor 8. mars 1991 Aspen USA Utfor 16. mars 1991 Lake Louise Canada Utfor 14. desember 1991 Gherdëina Italia Utfor 17. januar 1992 Kitzbühel Austerrike Utfor 18. januar 1992 Kitzbühel Austerrike Utfor 25. januar 1992 Wengen Schweiz Utfor 10. januar 1993 Garmisch-Partenkirchen Tyskland Utfor 16. januar 1993 St. Anton Austerrike Utfor 23. januar 1993 Veysonnaz Sveits Utfor

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Franz Heinzer» frå , den 27. oktober 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Sveitsiske alpinistar Kategori:Verdsmeistrar i alpine greiner Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1988 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1992 Kategori:Sveitsiske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Alpinistar under vinter-OL 1994