Aust-Ongul er ei øy i Antarktis som er 1,5 km lang og som ligg like aust for den nordlege delen av Ongul ved austsida av innløpet til Lützow-Holmbukta. Øya vart opphavleg kartlagd som ein del av Ongul av norske kartografar som arbeidde frå flyfoto tekne under Lars Christensen-ekspedisjonen, 1936–37. Eit sund mellom denne øya og Ongul vart oppdaga i 1957 av Japanese Antarctic Research Expedition. Dei namngav denne øya etter plasseringa i høve til Ongul.

Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar

Kjelder

Kategori:Øyar i Dronning Maud Land Kategori:Prins Harald Kyst