Polsk er eit vestslavisk språk som er brukt i Polen der det er det offisielle språket, og i tillegg i grannelanda Litauen, Kviterussland, Slovakia og Tsjekkia, og i land folkesette av polske innvandrarar. Forskarar reknar med at det finst mellom 39 og 48 millionar menneske som snakkar polsk i dag.
Polsk er det største vestslaviske språket både ut frå talet på talarar og bruksområde. Det høyrer til den lechitiske greina av språkgruppa, saman med pommerske talemål og den utdøydde polabisken, og dannar eit dialektkontinuum med slovakisk og tsjekkisk. I tillegg har polsk påverka dei austslaviske språka kviterussisk og ukrainsk. Sjølv om einskilde slaviske språk utvikla seg annleis, er det framleis ei viss grad av gjensidig forståing mellom dei grunna tidlegare politisk-etniske tilhøve.Sloboda, M., Brankatschk, K. (2012) The mutual intelligibility of Slavic languages and its potential for the Sorbian language revival, i Mutual intelligibility of closely related languages in a multilingual Europe, Sociolinguistics Symposium 19, 21-24 august 2012, Freie Universität Berlin, Berlin
Nokre forskarar meiner at schlesisk og kasjubisk er dialektar av polsk. Andre hevdar at desse to er forskjellige språk.
Dialektar og nærskylde språk 250px|mini|Polske dialektar ifylgje Stanisław Urbańczyk. Det polske dialektlandskapet er ikkje variert lenger - sidan 1960-åra har ein observert tendensen til å vende seg mot standardspråket i alle regionar. Det finst fleire grunnar til denne prosessen: Politiske endringar etter den andre verdskrigen, migrasjon frå landet til byane og frå gamle austlege delar av Polen til dei nyfåtte teritoria mot vest, popularisering av allmenn utdanning og den auka rolla til massemedia. Ein skil mellom seks, sju eller åtte polske dialektar – talet avheng av forskarar si meining om kasjubisk og schlesisk:
Hovuddialektar: storpolsk dialekt (dialekt wielkopolski), veslepolsk dialekt (dialekt małopolski), masovisk dialekt (dialekt mazowiecki), schlesisk dialekt (dialekt śląski), med omstridt status, men som oftast rekna med som polsk dialekt, kasjubisk dialekt (dialekt kaszubski), med omstridt status, men som oftast ikkje rekna med som polsk dialekt.
Sidedialektar: nordgrenselandsk dialekt (dialekt północnokresowy), sørgrenslandsk dialekt (dialekt południowokresowy), nyare blanda dialektar (nowe dialekty mieszane).
Begge dei grenselandske dialektar vert ni snakka utanfor Polen av dei polske minoritetane i Litauen, Kviterussland og Ukraina. «Nyare blanda dialektar» er eit omgrep som vert brukt for å vise til dei nye dialektane som vert danna på tidlegare tyske territorium Polen fekk etter den andre verdskrigen.
Polsk står nærast i skyld med andre lechitiske språk: Kasjubisken og den utdøydde polabisken, men det dannar eit dialektkontinuum med slovakisk (nærast i skyld bortsett frå lechitiske språk) og tsjekkisk. Sjølv om dialektkontinuumet mellom polsk og sorbiske språk vart brote, er forholdet mellom dei framleis klårt synleg. Nedersorbisk viser fleire særdrag til felles med polsk, medan oversorbisk har same tilhøvet med tsjekkisk.
Kviterussisk og ukrainsk, som høyrer til den austslaviske gruppa, er påverka på polsk. Russisken er ogso slektningen til polsk, men leksikalsk avstand er litt større enn i forhold til kviterussisk og ukrainsk. Frå sørslaviske språk står slovensk nærmast den vestslaviske greina, medan makedonsk og bulgarsk viser det store talet på innovative særdrag som ikkje kan verte kjende att i andre slaviske språk.
Språkgeografi Ifylgje siste folketeljinga frå 2011 er det 37 815 606 menneske i Polen med polsk som fyrstemål, som svarer til om lag 98 % av befolkninga. Polsk vert snakka og i grannelanda Litauen (av 234 989 polakkar busette der snakkar 187 919, altso 80 %, polsk,) Kviterussland (berre rundt 10 000 polsktalande, sjølv om talet på polakkar er mykje høgare) og Ukraina (18 593 av 144 130 polakkar). Den polske befolkninga i den tsjekkiske delen av Schlesien snakkar ein overgangsdialekt med særdrag av både polsk og tsjekkisk. Denne dialekten har stor prestisje i området. Polsk vert ogso tala i USA, Australia og fleire land i Vest-Europa på grunn av utvandring frå Polen i laupet av 1800-, 1900- og 2000-talet.
Historie Indre 250px|mini|Avsnitt frå Boka frå Henryków med ei setning på polsk markert i raudt. Forskarar vurderer at det felles urslaviske språket byrja å brytast ned i mindre dialektgrupper rundt 500-talet, medan polsk utvikla seg frå den vestlege gruppa på 900-talet. Vanlegvis vert polsk språkhistorie delt inn i fire periodar: gamalpolsk (til 1500-talet), mellompolsk (frå 1500- til 1772), tidlegare nypolsk (1772-1945) og moderne polsk (frå 1945).
I gamalpolsk periode viser språket svært mykje fellesutvikling med grannespråka pommersk og polabisk, men ogso med tsjekkisk og slovakisk. Mellom dei viktigaste endringane finst den lechitiske omljoden, utvikling av nye former for preteritum, presumptiv og imperativ, tap av separate former for aorist og imperfektum og fleire omlagingar på bøyingssystemet i nominalgruppa. I tillegg kan det observerast ulike ljodvekslingar, til dømes utvikling av lange vokalar, blanding av nasale vokalar og bortfall av konsonantiske sonantar.
I mellompolsk periode vert leivningar av aorist og imperfektum heilt borte – slike former opptrer ikkje lenger i nyare tekstar. I staden dukkar den nye, forenkla preteritumbøyinga opp. Då tok ogso fleire ljodvekslingar plass – palatalisering av /k/ og /g/ føre /ɨ/, utvikling frå /rʲ/ til /r̝/, tap av kvantitativ differensiering i vokalar på grunn av kvalitativ skifte og synkope i nokre bøyingsformer. Bøyinga sjølv utviklar seg ganske dynamisk. Størstedelen av former ein brukar i moderne polsk stammar frå mellompolske utviklingar. Etterpå vert opposisjonen mellom harde og mjuke konsonantar styrkt, medan trykket flyttar frå fyrste til nestsiste staving i eit ord. I tidlegare nypolsk vert skilnaden mellom /r̝/ og /ʒ/ borte og grafema ż og rz byrjar å tyde på den same ljoden. Talet på vokalkvalitetar vert ogso redusert, medan nasale vokalar fekk asynkronisk uttale som gjorde at dei fonetisk sett eigentleg er diftongar eller ljodkombinasjonar,
Ytre Polske stad-, folke- og personnamn opptrer so tidleg som i 800-talet i tekstar skrivne på latin. Den bayerske geografen frå 800-talet nemner dei slaviske folkegruppene, mellom anna desse som seinare sameina seg for å skape Polen. Dagome iudex som stadfesta at Polen var eit kriste land var truleg skrive seint på 900-talet. Fyrste setninga på polsk finst i Boka frå Henryków: day, ut ia pobrusa, a ti poziwai — la meg male og du kvil. Dei fyrste tekstane skrivne heilt på polsk kjem frå 1200- og 1300-talet. Ein kan nemne mellom anna «Bogurodzica», ein religiøs lovsong, og preikene frå Święty Krzyż. I denne perioden får polsk mange lånord frå latin, tysk og tsjekkisk, og seinare ogso italiensk og fransk. Oppfinning av trykking, Reformasjonen og den sokalla «Gylne Fridomen» førte til framheving av polsken som språket til hoffet, administrasjonen og byråkratiet.
Polen sitt tap av sjølvstende i 1795 markerer byrjinga av den nypolske perioden som held fram til 1945. Denne tida er prega av sterk germanisering og russifisering av den polsktalande befolkninga inntil slutten på den fyrste verdskrigen og etterpå i laupet av den andre. Polsk utvikla seg litt forskjellig i dei ulike delane av det førre Polen: Medan polakkar i Galizia, som var kontrollert av Austerrike og seinare av Austerrike-Ungarn, oppnådde stor grad av autonomi og fekk rett til å bruke sitt eige språk, vart folket i delane som høyrde til Preussen og seinare Tyskland germanisert gjennom ulike rettsakter, som til dømes skuleplikt med tysk som einaste undervisingsspråk. I Russland-tilhøyrande delar pågjekk det russifisering på valdeleg vis. Trass i dette kan ein observere ei kraftig utvikling av polsk litteratur. Henryk Sienkiewicz, ein polsk forfattar kjend hovudsakleg for sine historiske romanar, fekk Nobelprisen i 1905.
Polen gjenoppnådde sjølvstende i 1918. Då byrja ulike sosiolektar å utvikle seg. Då vart det ogso innført ein ortografisk reform som framleis gjeld i dag. Etter den andre verdskrigen, på grunn av store migrasjonar frå aust til vest grunna i grenseskifte, vart polsk eit ganske einsarta språk. Det hadde lita dialektal differensiering, bortsett frå einskilde behaldne særdrag.
Fonetikk Konsonantar Labiale Labio-dentale Dentale Alveolare Post-alveolare Dorsale Glottale Harde Mjuke Harde Mjuke Harde Mjuke Harde Mjuke Harde Mjuke Plosivar / p / / b / [ ] [ ] / t̪ / / d̪ / [ ] [ ] [ t ] [ d ] / k / / ɡ / [ ] [ ] Afrikatar / / / / / / / / / / / / Frikativar / f / / v / [ ] [ ] / s̪ / / z̪ / / / / / [ ʃʲ ] [ ʒʲ ] / / / / / x / [ ] [ ] (/ /) Nasalar [ m̥ ] / m / [ ] [ n̪̊ ] / n̪ / [ n̥ ] [ n ] [ ɲ̥ ] / / [ ŋ̊ ] [ ] Approksimantar / w / (/ () /) [ l̥ ] / l / [ r̥ ] / r / [ ] [ ] / j / Tabellen ovanfor viser konsonantiske fonem og allofonane deira i moderne polsk. Som alle slaviske språk, har polsk ganske rikt konsonantinventar og for kvar 100 vokalar er det 210 konsonantar i ein polsk tekst. Opposisjonen mellom harde og mjuke konsonantar er viktig i polsk og kan føre til tydingskifte i einskilde ord, til dømes mały «liten» — miały «(dei-hokjønn) hadde».
Statusen av mjuke konsonantar, dvs. om dei er allofonar av dei harde, eller er kvart og eit eit separat fonem, er vanskeleg å fastslå. Bortsett frå postalveolarar kan dei opptre berre i avgrensa tilfelle. Fonema /)/ og / / høyrer ikkje til det nåtidige polske foneminventaret, men kan dukke opp i austlege dialektar og i sceneuttale.
Vokalar 250px|thumb|right|Vokalfirkanten for polsk. I polsk finst det seks orale vokalfonem: //, //, //, //, // og //. Dei svarer til ti grafem: <i>, <y>, <u> og <ó>, <e>, <o> og <a>. Vanleg uttalemåte for /i/ er [i], for /ɨ/ – /ɨ/, for /u/ – [u], for /ɛ/ – [ɛ], for /ɔ/ – [ɔ], medan for /a/ – [ä]. Allofonisk variasjon er ikkje stor. Grafema <ą> og <ę> markerer i skrift som oftast ulike kombinasjonar av vokalar med nasalert element – annan vokal eller konsonant – og uttalen deira avheng av posisjonen deira i ordet.
Uttalen av vokalar, nasale vokalar inkludert, kan variere litt i ulike regionar og er knytt til kvalitative endringar av gamle lange vokalar. I mange dialektar har til dømes den gamle lange a-en utvikla seg til // i staden for //. Schlesisk og særleg kasjubisk har kvar for seg sine eigne særskilde trekk i vokalsystemet.
Trykk I polsk er som oftast den nest siste stavinga i ordet trykktung. Denne regelen gjeld for slavisk arveleksikon og størstedelen av lånord frå ulike språk. Unntaket er fleire verbalbøyingsformer: presumptiv og fleirtal i preteritum: chcielibyśmy (~«me ville»), robiliśmy («me gjorde»), latinske og greske lånord som sluttar på -ika, -yka: matematyka («matematikk»), logika («logikk»), nokre samansetningar: rzeczpospolita («republikk»), czterysta («fire hundre») og ein del andre ord som tradisjonelt får uregelmessig trykk på grunn av ulike faktorar (analogi, lån, osv.). Unntaka dannar ikkje tydelege kategoriar verken morfologisk eller semantisk sett, difor opptrer det ofte forskjellige feil i trykkleggjing. Mange, særleg yngre språkbrukarar, flyttar trykket alltid til den regelmessige, nest siste stavinga.
Grammatikk Morfologi