Rondônia er ein delstat nordvest i Brasil. Delstaten grensar til delstatane Acre, Amazonas og Mato Grosso. I sør har han riksgrense mot Bolivia. Rondônia er ein av dei yngste delstatane i Brasil, og har sidan 1970-talet hatt ein kraftig folkevekst.

mini|venstre|Madeira-elva og Porto Velho

Delstadshovudstaden er Porto Velho. Andre byar er Ji-Paraná, Ariquemes, Vilhena og Cacoal.

Geografi mini|venstre|Satellittbilde viser omfattande avskoging i Rondônia.

Rondônia ligg i vestkanten av Amazonas, og størsteparten av delstaten er dekt av regnskog. Store skogmengder er blitt rydda etter at omfattande innflytting og nybygging tok til på 1970-talet.

Porto Velho ligg heilt vest i Rondônia, ved Madeira-elva, som er ei sideelv til Amazonas. I delstaten ligg også innsjøen Lago do Cuniã.

Historie Rondônia blei skild ut frå Mato Grosso i 1943 som Guaporé-territoriet etter ein politikk ført av president Getulío Vargas for å sikra grensene til Brasil. I 1956 blei territoriet gjeve namnet kalla Rondônia etter Candido Rondon, som leidde fleire ekspedisjonar i dei brasilianske grenseområda tidleg på 1900-talet. Det føderale territoriet fekk delstatsstatus i 1982.

På 1970-talet blei det etablert eit program kalla Pólo-Noroeste som skulle fremja innvandring til området. Dette markerte også byrjinga på kaffiplantasjane og kvegdrifta i regionen. Pólo-Noroeste-programmet auka folketalet i Rondônia frå 10 000 i 1970 til 1,5 millionar i 2004. Bortsett frå Porto Velho og Guajará-Mirim er alle byane i delstaten bygd av nybyggjarar omfatta av dette programmet. Etter sluttføringa av Pólo-Noroeste har dei føderale styresmaktene starta Planaforo-programmet som fokuserer meir på miljø og urfolk. Eit hovudområde i dette programmet er å definera grensene for urfolksreservat.

I 1980 blei vasskraftverket Samuel bygga. Dette kraftverket mogleggjorde ein stor auke i produksjonen av tømmer, mineral og matvarer og innan bygg og anlegg.

mini|venstre|Kveg i Ji-Paraná i Rondônia. Økonomi Delstaten produserer trevirke, kaffi, gummi og kjøt frå kveg. Mais og ris er andre viktige jordbruksprodukt. Det føregår gruvedrift på gull og tinn.

Sidan slutten av 1990-talet har Rondônia byrja å tilretteleggja for auka turisme.

Frihandelsområdet Guajará-Mirim blei skipa i 1993. Dette området grensar til Bolivia og har ført til ein markert auke i handelen mellom Rondônia og Bolivia.

Kjelder

«Rondônia» i Britannica Online Encyclopedia «História de Rondônia» , rondonia.ro.gov.br

Denne artikkelen bygger på «Rondônia» frå , den 15. desember 2012.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Delstatar i Brasil