Olson Island er den største og nordlegaste av dei isdekte White Islands, sør i Sulzberger Bay. Øya vart grovt skissert på kart av Byrd-ekspedisjonen, 1928-30, og vart merka som «låge isklipper» som stig opp over isbremmen i denne delen av bukta. Ho vart kartlagd i detalj av US Geological Survey (USGS) frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959-65. Ho er kalla opp etter Michael L. Olson i US Antarctic Research Program (USARP) som var ionosfærisk fysikar på Byrd Station, vinteren 1968, og Plateau Station sommaren 1968-69.
Sjå òg Antarktiske og subantarktiske øyar
Kategori:Øyar i Ross Dependency Kategori:King Edward VII Land