Indianapolis er delstatshovudstad og den største byen i Indiana i USA. Han ligg sentralt i delstaten, rundt 120 km vest frå grensa til Ohio.

Arealet er 953,5 km² og folketalet er 855 164 (2000). Dette gjer byen til den andre største i Midtvesten (etter Chicago) og den 15. folkerikaste i USA.

Indianapolis blei grunnlagd i 1821 som ein planlagd by for å husa delstatsregjeringa til Indiana. Namnet er sett saman av delstatsnamnet Indiana ('Indianar-landet') og , det greske ordet for 'by'. Høgsterettsdommaren Jeremiah Sullivan skal ha kome på namnet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Indianapolis» frå , den 20. september 2017.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Indiana Kategori:Delstatshovudstader i USA Kategori:Byar i Indiana