Minecraft er eit sandkasse-/overlevingsspel til PC, mobiltelefon, Xbox 360, Xbox One, PS3 og PS4. Spelet let spelaren bygge eller lage konstruksjonar av kubar i ei 3D-verd. Minecraft er utvikla av Mojang AB, men starta som eit fritidsprosjekt av Markus «Notch» Persson. Minecraft er inspirert av Dwarf Fortress, RollerCoaster Tycoon, Dungeon Keeper, og særskild Infiniminer.
Minecraft er eit kreativt sandkassespel, der spelaren startar på ein tilfeldig stad ei tilfeldig generert verd. For å vinne spelet, må spelaren finne og «reparere» ein portal som er i ei festning i «The End». I The End er det ingen annan måte å komme tilbake på enn å utføre målet med spelet, som er å overvinne «The Ender Dragon». Dei fleste som spelar, gjer det for å overleve, bygge og utforske. Om natta dukkar det opp monster som vil prøve å angripe spelaren, og dette er ein motivasjon for å bygge seg ein tilfluktsstad. Monster finn ein òg i djupe gruver og på mørke stader.
Spelar har òg ein fleirspelarfunksjon, der fleire spelarar kan spele samstundes i same verd. Her kan ein spele som ein vil, anten ein samarbeider om å bygge, konkurrerer om ressursane, eller slåst og øydelegge for kvarandre. Kven som helst kan lage ein server med eigne sett av reglar for korleis ein kan spele.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Minecraft» frå , den 5. november 2012. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Offisielt forum Perssons utviklingsblogg Minecraftwiki Korleis overleve første natt
Kategori:Dataspel frå 2011 Kategori:Eventyrspel Kategori:Indiespel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:OS X-spel Kategori:PlayStation 3-spel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:PlayStation Vita-spel Kategori:Wii U-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox 360-spel Kategori:Xbox One-spel