Born to Die er debutalbumet til den amerikanske artisten Lana Del Rey. Albumet kom ut 27. januar 2012 på iTunes og 31. januar 2012 på Interscope Records, Polydor Records og Stranger Records. Etter å ha signert ein platekontrakt med Stranger i juni 2011, gav Del Rey ut debutsingelen sin, «Video Games», som vart særs populær på Internett. «Video Games» var med på Born to Die, som gav ho ytterlegare fire hitsinglar: «Born to Die», «Blue Jeans», «National Anthem» og «Summertime Sadness».

Musikalsk er Born to Die eit popalbum som er innom sjangrar som alternativ hip hop og indiepop. Musikkjournalistane gav Born to Die blanda til positiv kritikk, og hylla den særeigne stilen hennar, medan andre kritiserte at songane og den melodramatiske produksjonen vart for einsformig over 12-15 spor. Trass i polariseringa hos musikkritikarane, selde albumet godt. Det toppa albumlistene i elleve land, inkludert Australia, Frankrike, Tyskland og Storbritannia. I november 2012 hadde Born to Die seld over tre millionar eksemplar verda over, og var eit av dei mestseljande albuma i 2012.

Del Rey la ut på ein verdsturné i 2011. I november 2012 gav Del rey ut «Paradise»-utgåva av Born to Die med ytterlegare ni songar. «Blue Velvet», ein populær song frå 1960-åra, vart her spelt inn av Del Rey og gjeven ut som singel før denne utgåva kom ut,Lana Del Rey To Re-Release Born To Die With 7 New Songs MTV. 25 juli 2012 medan «Ride» vart gjeven ut som den første tradisjonelle singelen hennar.

Innhald

(*) syner til medprodusent (^) syner til supplerande produsent

Lister Liste (2012)PlasseringAustralia 1Austerrike 1Belgia (Flandern)2Belgia (Vallonia)1 Canada3 Kroatia3Tsjekkia5Danmark3Nederland2Finland5Frankrike1Tyskland1Hellas1 Ungarn23Irland1Italia5New Zealand 2Mexico34Noreg1Polen2Portugal2Russland4Skottland1Slovenia2Spania7Sverige2Sveits 1Storbritannia1US Billboard 2002US Billboard Rock-album1US Billboard Alternative-album1

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Born to Die (Lana Del Rey album)» frå , den 9. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Born to Die på Metacritic

Kategori:Musikkalbum frå 2012 Kategori:album produserte av Emile Haynie Kategori:album produserte av Jeff Bhasker Kategori:album produserte av Rick Nowels Kategori:Lana Del Rey-album Kategori:Interscope Records-album Kategori:Polydor Records-album Kategori:Barokkpop-album Kategori:Indiepop-album Kategori:Alternativ hip hop-album Kategori:Triphop-album Kategori:Nummer-ein-album i Australia Kategori:Nummer-ein-album i Austerrike Kategori:Nummer-ein-album i Belgia Kategori:Nummer-ein-album i Frankrike Kategori:Nummer-ein-album i Hellas Kategori:Nummer-ein-album i Irland Kategori:Nummer-ein-album i Noreg Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i Sveits Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland