Kilby Island er ei klipperik øy i Antarktis som ligg nordaust for McMullin Island i innløpet til Newcomb Bay i Windmill Islands. Ho vart først kartlagd frå flyfoto teken av US Navy Operasjon Highjump og Operasjon Windmill i 1947 og 1948. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter Arthur L. Kilby, som var fotograf under begge operasjonane.

Kilby Reef Kilby Reef er eit lite, isolert rev som kjem til syne ved fjøre sjø, og som ligg 200 meter søraust for øya. Denne vart først kartlagd i februar 1957 av eit lag leia av løytnant R. C. Newcomb i US Navy på USS «Glacier». Det vart kartlagd på ny av ANARE i 1962, under ei sjømåling av Newcomb Bay av d'A. T. Gale, og då kalla opp etter Kilby Island.

Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR kravområde i Antarktis

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Kilby Island» frå , den 15. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Windmill Islands