Inexpressible Island er ei klipperik øy i Terra Nova Bay i Antarktis.

Historie Terra Nova-ekspedisjonen til Robert Falcon Scott (1910-1913) bestod av fleire grupper. Ein av dei, den nordlege gruppa, var leia av Victor Campbell, og vart ikkje med Scott til det indre av kontinentet, men overvintra ved Cape Adare. I 1912 byrja denne gruppa på seks mann i alt den lange reisa heimover og sette av stad mot Cape Evans (via Hut Point). Dei vart derimot verande att ved Evans Coves med sledeprovisjonar for seks veker for å fullføre det geologiske arbeidet dei var meint å gjere. Då arbeidet var utført hadde dei att rasjonar for kring fire veker, sidan dei ikkje rekna med at skipet ville ha noko problem med å hente dei seinare i februar. Men «Terra Nova» nådde ikkje fram på grunn av tung pakkis.Apsley Cherry-Garrard, The Worst Journey in the World, Carrol & Graf, 1922, s. xlii Då dei ikkje fekk kontakt med skipet vart denne nordlege arbeidsgruppa tvungen til å overvintra i Antarktisk nok ein vinter. Dei grov ut ei 4 meter lang og 3 meter brei snøhole i isen på ei øy kalla «Inexpressible Island» der dei overvintra under særs harde vilkår. For å overleve jakta dei nokre få sel og pingvinar. mini|venstre|Tang og tare på Inexpressible Island. Den nordlege gruppa hadde lagt eit forsyningsdepot ved Hells Gate-morenen på Inexpressible Island i tilfelle «Terra Nova» ikkje skulle klare å nå fram til dei. Depotet bestod hovudsakleg av forsyningar og utstyr laste på ein slede. Sjølv om dei hadde dette depotet vart vinteren i isgrotta og ei delvis steinhytte særs dårleg. Mennene leid av frostskadar, svolt, dysenteri og dei avskyelege vindane på øya. Skipslegen George Murray Levick sa:Apsley Cherry-Garrard, ibid, s. xlv

Mennene starta på heimreisa mot Hut Point den 30. september 1912, kring 350 km ned kysten, der dei mellom anna kryssa Drygalski-bretunga. Browning var særs sjuk og Dickason nesten invalidisert av dysenteri. Dei nådde fram til Hut Point den 5. november.Apsley Cherry-Garrard, ibid, s. xlviii

Staden der isgrotta ligg på Inexpressible Island er verna av Antarctic Heritage Trust og Antarktistraktaten. mini|upright|Ein einsam keisarpingvin på Inexpressible Island.

Sjå òg Composite Antarctic Gazetteer Antarktiske og subantarktiske øyar Antarktiske øyar sør for 60 °S SCAR kravområde i Antarktis

Kjelder Denne artikkelen bygger på «en:» frå , den 17. november 2012. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Antarktis Historic Sites Historic Huts in the Antarktis from the Heroic era (International Polar Heritage Committee)

Kategori:Øyar i Victoria Land Kategori:Verneområde i Antarktis