Sverre Stenersen () var ein norsk kombinertrennar frå Målselv. Han vart verdsmeister i kombinert i 1954 og olympisk meister i same i i 1956. Dessutan fekk han VM-sølv i 1958 og OL-bronse i 1952. Frå 1954 til -58 vann han alle dei fem norske meisterskapane i kombinert. Stenersen representerte Målselv IL.

Aktiv Stenersen markerte seg i kombinert-øvinga frå 1951-sesongen. Han kom då på bronseplass under noregsmeisterskapen, berre slått av den komande olympiameisteren Simon Slåttvik og Kjetil Mårdalen. I OL-sesongen 1952 fekk Stenersen ein ny NM-bronse, delt med nettopp Slåttvik og fekk dermed delta for Noreg under OL i Oslo. I Ol-tevlinga i Holmenkollen vann Stenersen ein ny bronsemedalje, men kunne lite gjere med den olympiske meisteren Slåttvik, ei heller med den finske kombinertkjempa Heikki Hasu som fekk OL-sølvet.

Stenersen høyrde til i verdstoppen i kombinert resten av tiåret. I 1954 vart han noregsmeister for fyrste gong, ei bragd han skulle gjenta dei neste fire åra. Under VM 1954 var han best av eit kobbel norske kombinterrennar, og vart verdsmeister i øvinga framfor fire landsmenn. Med 461,1 poeng hadde han einast eiit poengs margin til sølvmannen Gunder Gundersen.

I 1955 vann Stenersen kombinert i Holmenkollen for fyrste gong, han gjentok triumfen der i 1956 og i 1959. Under vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo var han heilt suveren då han slo svensken Bengt Eriksson, som vart nummer to, med over 17 poeng. Dermed vann Stenersen alle dei fire store tevlingane han stilte i i 1956-sesongen.

Etter andreplass i Lahti i 1955 vann Stenersen kombinertrennet i den finske skibyen både i 1956, -57, 59- og -60. År 1958 gjekk verdsmeisterskapen av stabelen i nettopp Lahti. Her måtte Stenersen gje tapt for Finlands eigen Paavo Korhonen, som fekk 448,50 poeng mot Stenersens 447,69.

Same året, 1958, vann Stenersen sin femte og siste NM-tittel i kombinert i Holmenkollen. Under noregsmeisterskapen i Holmenkollbakken imponerte han og fekk NM-sølv i spesielt hopprenn 1,1 poeng bak noregsmeisteren, den tidlegare olympiameisteren Arnfinn Bergmann.

Stenersen la opp i 1961 og vart trenar for det norske kombinertlandslaget.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn 1950: Nr 8 i Holmenkollen 1951: Nr 9 i Holmenkollen 1952: Bronsemedalje i OL 1952 i Oslo 1953: Nr 2 i Holmenkollen 1954: Gullmedalje i VM 1954 i Falun 1955: Vinnar i Holmenkollen og nr 2 i Lahti 1956: Gullmedalje i Vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo, samt vinnar av renna i Holmenkollen og i Lahti 1957: Vinnar i Lahti 1958: Sølvmedalje i VM 1958 i Lahti 1959: Vinnar i Holmenkollen og i Lahti 1960: Vinnar i Lahti 1961: Nr 9 i Lahti

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap 1950: Nr 6 1951: Bronsemedalje 1952: Bronsemedalje 1954: Gullmedalje på Kongsvinger 1955: Gullmedalje på Voss 1956: Gullmedalje i Drammen 1957: Gullmedalje i Mo i Rana 1958: Gullmedalje i kombinert i Oslo og sølvmedalje i hopp 1959: Bronsemedalje på Gjøvik 1960: Nr 4 i Nedre Eiker

Stenersen var norsk flaggberar i vinter-OL 1956 i Cortina d'Ampezzo. Same året vart han tildelt Holmenkollmedaljen.

Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957

Bakgrunnsstoff

Kategori:Norske kombinertløparar Kategori:Noregsmeistrar i kombinert Kategori:Verdsmeistrar i kombinert Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Vinnarar av Holmenkollmedaljen Kategori:Kongepokalvinnarar i skiidrett Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1952 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1952 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Skihopparar under vinter-OL 1956 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Kombinertløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Folk frå Målselv