Factory Cove er ei lita vik mellom Knife Point og Berntsen Point sør i Borge Bay ved Signy Island i Sør-Orknøyane. Vika vart grovt kartlagd av den norske kvalfangaren Hans Borge i 1913–14, og kalla «Borge Havna» på eit kart frå denne perioden av Petter Sørlle. Namnet Borge vart sidan nytta om bukta som denne vika er ein del av. Vika vart kartlagd på ny av Discovery Investigations i 1927 og gjeve namnet Factory Cove, fordi ruinane av eit kvalkokeri bygt i 1920–21 av Tønsberg Hvalfangeri ligg ved søraustkysten.

Kjelder

Kategori:Viker i Sør-Orknøyane