mini|Sandkaker og former. mini|Sandkaker Sandkaker eller sandbakkels er tradisjonelle norske småkaker ein gjerne bakar til jul. Kakedeigen inneheld smør og sukker, egg, kveitemjøl, mandlar og bakepulver. Ein trykkjer deigen ut i smurte sandkakeformar og steikar dei i omnen.
Sandkaker kan nyttast som kaffimat slik dei er eller i lag med med bær, syltetøy og piska krem.
Historie Ei oppskrift på sandkaker stod i ei norsk kokebok frå 1845, men dei blei først utbreidde i slutten av 1800-talet. Sandkaker blei seinare populære enn den liknande kaketypen krumkake, ettersom ein treng fint mjøl for å laga dei, og dette lenge ikkje var lett å få tak i.Stokker, Kathleen (2001). Keeping Christmas: Yuletide Traditions in Norway and the New Land. St. Paul, Minn.: Minnesota Historical Society Press. s. 27.
Gjennom norsk utvandring til Amerika blei oppskriftene og formene til sandkaker tekne med til USA, og sandkaker eller sandbakelse er blitt ein del av juletradisjonen til mange norsk-amerikanarar.
Kjelder
Aase Strømstad: Mat på norsk. Tradisjonsrike retter fra hele landet, Aschehoug forlag 1985, side 94 og 97, ISBN 82-03-11408-3
Delar av denne artikkelen bygger på «Sandbakelse» frå , den 19. mai 2019.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Julemat Kategori:Småkaker Kategori:Norsk mat Kategori:Mandlar